Henta heim SBM-prisen
Kristine Hjellbakk Hole på toppen av premiepallen med gåvesjekk for Sparebanken Møre Cup. Til venstre Guro Eline Vollan.
Langrennsesongen i Møre og Romsdal vart avslutta ved Skaret skisenter 9. og 10. april med siste renn og premiering av Sparebanken Møre Cup 2016.
Kristine Hjellbakk Hole går i J14 og leia SBM-cupen før siste renn. På Molde viste ho at forma var god ut sesongen. Laurdag var det sprint og der opna ho med siger i prologen, 3.0 sek. føre sin argaste konkurrent denne vinteren Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL. Seinare vart det siger i alle hit der J13 og J14 var miksa i lag. Kristine vann også finalen til slutt.
Søndag var det jaktstart ut frå resultatlista laurdag. Også det rennet vann Kristine Hjellbakk Hole og kunne hente heim premiesjekken som vinnar av Sparebanken Møre Cup 2016 for J14.
Det nye, unge langrennstalentet frå Sunnylven IL har levd opp til forventningar og hatt ein flott sesong. Mykje god trening, rettleiing og ikkje minst preparering av ski frå far Hans Hole ligg bak resultata og vore del av suksessen som igjen har sett Sunnylven IL på langrennskartet.
Vann i damer senior
Også Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vart klassevinnare i Sparebanken Møre Cup 2016. Ho fekk gåvesjekk for samanlagtsiger i damer senior.