Hoppar for eit godt hjarte
Sunnylven skule har meldt seg på i hoppetaukonkurranse, ein nasjonal aktivitet for skuleelevar i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Konkurransen blir arrangert for ellevte gong.
I tida 26. april til 11. mai inviterer Nasjonalforeininga for folkehelse alle skular rundt om i landet til å vere med på aktivitetar med hoppetau. Ved Sunnylven skule starta dei alt fyrste dag, tysdag 26. april.
Slik samlar elevane poeng
Hoppinga skal foregå innenfor skulekvardagen, både i friminutt og litt av skuletimane, fortel Silje Stadheim, lærar ved Sunnylven skule. Kvar elev får eitt poeng for kvart minutt dei hoppar eller dansar, men kan ikkje samle meir enn 60 poeng på ein dag. For trimmen foregår ikkje berre med hoppetau, vi fekk sjå stor innsats også i ein hoppedans med musikk til. Alt foregjekk ute på skuleplassen på Hellesylt i starten av skuledagen tysdag.
Nasjonalforeininga har sendt ut meir om reglar for korleis elevane kan sanke seg poeng også i skuletimane, ved å hoppe medan dei puggar gloser, arbeider med gongetabellar, repeterer gramatikk og geografi. Det gjeld om å vere kreative.
Premiering
Når konkurransetida er omme kårer aksjonskomiteen ein nasjonal vinnar som får aktivitetsutstyr i premie Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får ein premie til klassa. I tillegg vil det bli trekt ut aktivitetsutstyrspremiar uavhengig av oppnådd poengsum i konkurransen, heiter det i reglane for konkurransen.
Tilbakeping: URL