Lokalnytt

Mange til X2 Festivalen på Hellesylt

X Base har kvalifisering fredag og finale laurdag 16. april.
X Base har kvalifisering fredag og finale laurdag 16. april. (Foto frå arkivet)

Torsdag 14. april inntek dei fyrste X2Festival-deltakarane Hellesylt. I år blir det fire sportsøvingar i området og deltakinga er stor.

For ei veke sidan flaug fyrste basehoppa i år ut frå Helsetkopen, og to mann testa ut fjellet med ski og fallskjerm i såkalla Speedflying. Start og utkøyring var på snøbreen frå toppen av Helsetkopen og ned «Dekkja» der Glæra renn ut for fjellet. Alle landa trykt i området ved Helsetvatnet.

Basehoppar Cato Nordbakk er både deltakar og ansvarleg for XBase frå Helsetkopen. Han har 15 på deltakarlista, fortel han. I Speedflying kjenner han ikkje det nøyaktige talet, men han trur det er rundt 20 deltakarar.

Søkjer om meir helikopterløyve

Eirik Vaage er X2 Festivalsjef. Han har fått eit kjempeproblem i fanget då interessa for Speedflying er større enn det løyvet helikopterflygingar kan ta unne. X2 Festivalen har fått eit visst antall flyrørsle, så mange som lova tillet, men det er for lite, seier Vaage. Talet på deltakarar i Speedflying har passert 20, og eit liknande antall skal delta i Fallskjerm.Boogie. Då hellesylt.info kontakta Vaage på telefon sat han og skreiv på ein søknad til Stranda kommune om løyve til ekstra helikopterflygingar.

-Vi prøver å vere ein seriøs arrangør, å skape noko spesielt og tøft og har fått respons, men vi strir med løyve til transporten når deltakartalet blir så stort som i år. Hellesylt og bygdene der er ein veldig spesiell plass med ei fantastisk natur. Det er i grunn rart at ikkje fleire har oppdaga fjella og området og gjort meir ut av det. Til no er det berre vi i X2Festivalen og Basehopparar som har arrangert noko, seier Einar Vaage. Han er på plass på Hellesylt om få dagar.

Også den fjerde sportsøvinga, XCreek (kajakkpadling) har 15 deltakarar påmeldt.

Sjå: https://vimeo.com/89352460

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380