Lokalnytt

Med RØFF til Åseneset

Intens jakt frå mange etter fisk i Sunnylvsfjorden, men resultatet vart dårleg.
Intens jakt frå mange etter fisk i Sunnylvsfjorden, men resultatet vart dårleg.

Stranda Røde Kors førstehjelp og friluftsliv vart skipa i fjor. Medlemstalet har variert litt det fyrste året og ligg no på rundt tolv.

Ellinor Fivelstad er leiar i Stranda Røde Kors førstehjelp og friluftsliv, forkorta til RØFF. Som sin gode hjelpar og høgre hand som ho uttrykkjer det, har ho nestleiar i Stranda Røde Kors, Linda Ludvigsen. Tysdag kveld var dei på tur til Åseneset på Hellesylt saman med operasjonsleiar i SRK Arve Mogstad jr. og 24 ungdomar.

-Vi har det veldig kjekt på turane våre. I kveld har vi invitert med 7.-klassingar både frå Sunnylven og Stranda for at dei skal få sjå og oppleve litt av det RØFF driv med og håper dei blir medlemer etter kvart. Nedre grense for medlemskap er 8. klasse, fortalde leiar Ellinor Fivelstad.

Dårleg fiske

Det var mange fisketroer i bruk på Åseneset tysdag kveld. Alle håpa på fast fiske på kroken, for ein hemmeleg premie for største fisk venta. Dei skulle også få lære om sløying og stell av fisk, men fiskelukka såg ut til å vere fråverande. Vi gjekk før den to timar lange samlinga var slutt, men om det skulle bli kveldsmat vart det nok berre medteke niste denne kvelden, gjerne ei spidda pølse på bålet. Dermed vart også premien for største fisk spart, eller kanskje vart godteriposen delt mellom alle deltakarane på Åseneset.

Variert aktivitet

Som namnet seier lærer ungdomane om førstehjelp og friluftsliv på samlingane, fortel Ellinor og Linda. Førstehjelpsskrinet er alltid med og kan bli brukt. På Åseneset vart det plastring av ein finger etter at ein fiskekrok hadde laga blødande finger.

I år har RØFF vore på tur til Oaldsbygda, på ski i Kjellstaddalen, og tysdag i litt kjøleg ver, men sol gjekk kveldsturen etter råsa frå Korsbrekke, forbi Bergeplassen til Åseneset. Seinare blir det treff på Stranda og «kriging» med pintball, det blir innføring i bruk av kajakk og sjølvsagt fleire fjellturar i løpet av sommaren, fortel Ellinor Fivelstad og Linda Ludvigsen. Bli med i RØFF er oppfordringa frå dei to.

Ellinor Fivelstad til venstre er leiar i RØFF Stranda. Linda Ludvigsen er nestleiar i Stranda Røde Kors.
Ellinor Fivelstad til venstre er leiar i RØFF Stranda. Linda Ludvigsen er nestleiar i Stranda Røde Kors.
Ikkje fisk, men litt tang og tare vart fangsten denne gongen.
Ikkje fisk, men litt tang og tare vart fangsten denne gongen.
Litt kjøleg på Åseneset tysdag kveld sjølv om sola var der.
Litt kjøleg på Åseneset tysdag kveld sjølv om sola var der.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380