Notiser

Smalejukelen kom tidleg

Smalejukelen 1

I kveld 11. april kom smalejukelen på Helset. Når snøraset like nord for Helsetkopen kom kunne småfeet sleppast på beite.

Der grova Glærå dansar seg utfor Gråhammaren og nedetter fjellsida på Helset i Sunnylvsbygda går også snøras. Om kvelden 11. april kom eit snøras, truleg det som frå gamalt av har blitt kalla smalejukelen. Då kunne småfeet sleppast ut på beite, det skulle vere nok næring å finne i naturen, vart det sagt. Vel, smalejukelen var nok litt tidleg ute i år…

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380