Lokalnytt

Vann tre gull på Beitostølen

Edis Adilovic og Inga Elise Vik med gullmedaljer etter å ha sigra i Ridderennet.
Edis Adilovic og Inga Elise Vik med gullmedaljer etter å ha sigra i Ridderennet. (Foto: Privat)

Inga Elise Vik er elev ved Høgskulen på Lillehammer. Siste veka har jenta frå Hellesylt vore ledsager til tre gull under Ridderrennet på Beitostølen.

Saman med 86 medelevar frå årsstudie idrett ved høgskulen i Lillehammer har Inga Elise Vik hatt ei opplevingsrik veke på Beitostølen. Det vart ei gullveke for den tidlegare skiskyttarjenta frå Sunnylven IL. Under Ridderrennet har ho vore ledsager for 24 år gamle og blinde Edis Adilovic, opphaveleg frå Bosnia, men no dansk statsborgar. Ein utruleg sprek kar som har gått til gull både i skiskyting og klassisk langrenn, fortel Inga Elise på telefon siste dagen under Ridderrennet på Beitostølen. Ho rosar skiløpareleven sin og synest det var utruleg bra å ta tre gullmedaljer. Vi slår på at kanskje har ledsagaren også gjort ein god jobb, men den er ho beskjeden nok til ikkje å vere med på.

Edis Adilovic starta med å ta gull i skiskyting etter fullt hus og ti treff på skytinga. -Blinde skyt etter lydsignal, heilt utruleg at dei får det til. Eg prøvde sjølv utan å få eit einaste treff, hevda Inga Elise. Seinare i veka tok Adilovic gull på 10. km. klassisk og på laurdag under sjølve Riddarrennet vart det gull på den doble distansen, også det i klassisk stil. Også ledsageren til vedkomande deltakar reiser heim med gullmedalje.

Å lede ein blind person gjennom ei langrennsløype krev litt ekstra konsentrasjon frå den som skal fortelje om retning og terreng. Det var veldig spesielt, men Adilovic var fryktlaus og han stola veldig på meg. Vanleg vis går ledsagaren fyrst og ropar, men eg gjekk ved sida og gav beskjed og venstre, høgre, å skifte spor, eller bakke opp og ned. Vi hadde sju fall på dagens 20. km. men vann likevel.

Inga Elise Vik fekk ansvar for ein av dei aller sprekaste i langrennsløypene under Ridderrennet. Kanskje har leiing og arrangør sett på tidlegare prestasjonar, at den talentfulle skiskyttarjenta hadde resultat å vise til frå skiidretten. No har Inga Elise bestemt seg for å slutte med skiskyting etter mykje plager med sjukdom gjennom vinteren.

På høgskulen i Lillehammer er ho ferdig i mai. Då skal ho heim til Hellesylt og finne seg ein jobb eit halvt års tid før ho i januar neste år reiser til Costa Rica for å lære språk. Eg prøver å finne ut kva eg vil, seier ho.

Veka på Beitostølen var i alle høve kjekk, ei gullveke både for blinde Edis Adilovic og ledsager Inga Elise Vik.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380