Lokalnytt

Vårkonsert med Sunnylven skulekorps

Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg er klare for Nordvest KM for skulekorps.
Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg er klare for Nordvest KM for skulekorps.

Mange møtte fram på samfunnshuset søndag for å høyre konserten med Sunnylven skulekorps. Atten talentfulle musikarar er i rute til KM for skulekorps 9. april.

Skodje skulekorps er arrangør av Nordvest KM for skulekorps 9. april. Dit og til rekordstor deltaking reiser Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg for å konkurrere.

Etter ei lang øvingshelg både laurdag og søndag var det konsert på søndag der eit stort publikum fekk høyre det 20 minutt lange programmet som dirigenten har sett saman til KM-konkurransen. Det vart ei ny gla`stund for korpsinteresserte der prestasjonar både frå musikarar på slagverk og instrumentale solistinnslag imponerte . Korpset kom godt gjennom eit ikkje alt for lett repertoar. Og med nye øvingar i veka som kjem vil bygda si musikalske stolthet heilt sikkert hevde seg i KM-tevlinga på Skodje.

Tre juniorar er no opptekne i skulekorpset. Som fullverdige musikarar i korpset kunne leiar i styret Anita Langeland overrekke ein ryggsekk til kvar frå Norges musikkorps forbund med diverse innhald.

Rekrutteringa til skulekorpset i Sunnylven er akkurat no litt lita. To aspirantar på kornett, Nikoline Frøysa Hellebostad og Konrad Lade framførte to korte stykke saman med leiar Wenche Ringdal og det kom dei godt frå.

Knut Iver S. Røyrhus t.v. og Loke Kjellstadli er drivande dyktige på slagverk i skulekorpset.
Knut Iver S. Røyrhus t.v. og Loke Kjellstadli er drivande dyktige på slagverk i skulekorpset.
Dei to aspirantane Nikoline Frøysa Hellebostad t.h. og Konrad Lade saman med sin leiar Wenche Ringdal.
Dei to aspirantane Nikoline Frøysa Hellebostad t.h. og Konrad Lade saman med sin leiar Wenche Ringdal.
Gode solistar, Bertine Lade og Matti Kjellstadli.
Gode solistar, Bertine Lade og Matti Kjellstadli.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380