Forseinking for turistdo
Stranda kommune har inngått leigeavtale om tilrettelegging av offentlege toalett ved Sunnylven samfunnshus. Avtalen skal gjelde i ti år.
Det har i lang tid vore eit problem at det ikkje er nok offentlege toalett på Hellesylt. Problemet har auka med åra og spesielt etter at staden har fått besøk av mange cruiseturistar har «trongen» blitt større.
No er kommunen komen fram til ei løysing med å leige seg inn i Sunnylven samfunnshus. Der blir det laga ein eigen inngang ved sida av hovudinngangen til vestibyla. Inne blir det sett opp ein foldevegg slik at bruk av toaletta blir skjerma frå anna bruk i samfunnshuset.
Det er HT Bygg Hellesylt som skal utføre det bygningstekniske. På grunn av endring i planane og litt forseinking i leveransar blir ikkje arbeidet starta opp før etter 17. mai, opplyser Magne Brekke ved byggefirmaet. Han reknar med at arbeidet vil ta om lag ei veke.