Lokalnytt

Henta heim mattittel frå Tynset

Ordførarane Merete Moen og Jan Ove Tryggestad har avgjort kvar tittelen Norges Skinkehovudstad høyrer heime. Det er i Stranda.
Ordførarane Merete Moen og Jan Ove Tryggestad har avgjort kvar tittelen Norges Skinkehovudstad høyrer heime. Det er i Stranda. (Alle foto: Inge Bjørdal)

Stranda er matkommunen i landet. Eit nytt bevis på det ordna ordførar Jan Ove Tryggestad då han under Spekematfestivalen på Tynset kneip beviset på at Stranda er Norges Skinkehovudstad.

Gjennom pressa fanga Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad opp at Tynset hadde utropa seg sjølve til Norges Skinkehovudstad. Det ville ikkje Tryggestad godta utan kamp, matkommunen Stranda har lange tradisjonar også innan foredling av grisen sine lår.

Fredag 27. og laurdag 28. mai var det spekematfestival på Tynset. Der skulle ordførarane i Tynset og Stranda avgjere kven som regjerte i Norges Skinkehovudstad. Ordførar i Tynset, Merete Moen var sikker på siger mot sin politiske kollega frå Stranda, men slik skulle det ikkje gå. Ei lang reise same dag hadde ikkje sett Stranda-ordføraren ut av spel, noko også NRK-reporter Olav Viksmo Slettan som konferansier og dommar kunne slå fast

«Duellen» mellom dei to ordførarane vart nok meir av det venskapelege slaget sjølv om ein stor delegasjon frå Stranda spekemat, som var utstillarar under Spekematfestivalen tykte det var ulideleg spanande kvar tittelen om «hovudstaden» skulle ende.

På smaksprøver skåra Tryggestad seks poeng av seks mulige, han hadde også inne kunnskapar eller lese seg opp på namn på utanlandske skine og prisar. Styrkeprøva til slutt der dei to duellantane skulle halde ei skinke lengst i kvar hand rett ut, enda friviljug med siger til Tynset. Det heile var avgjort og Merete Moen måtte gratulere Jan Ove Tryggestad som ordførar i Norges Skinkehovudstad.

Stranda-ordføraren reiste til Tynset for i venskapelege former å forsvare kommunen si ære som matkommune og spekematprodusent. Han greidde oppdraget og i tillegg til vandrepremien som var ei skjerefjøl med inngravert tittel, fekk han overrekt ein krakk av sin ordførar-kollega. Sjølv hadde Tryggestad ei symbolsk gåve frå Stranda, ein sparegris med ei krone i.

-Vi ville i lag skape meir interesse for norsk kvalitet og norske råvarer, uttala Jan Ove Tryggestad før skinkeduellen. Saman med næringssjef i Stranda Inge Bjørdal kom dei to til Tynset fredag morgon og drog heim seinare same dag. Dei drog heim til Stranda kommune til Norges Skinkehovudstad, ein tittel i alle fall for eitt år.

 

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad kan heve sigersbeviset, ei skjerefjøl som etter kvart får inngravert kommunenamnet.
Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad kan heve sigersbeviset, ei skjerefjøl som etter kvart får inngravert kommunenamnet.

Sjå og: Video frå Norsk Spekematfestival.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380