LokalnyttLokalsport

I svarten for sunnylvsskyttarar

Kristian, Isak, Ørjan, alle med etternamn Frøysadal Hauge på standplass, tre av fleire som sette Sunnylven skyttarlag tydeleg på "kartet" under Lerum cup.
Kristian, Isak, Ørjan, alle med etternamn Frøysadal Hauge, tre av fleire som sette Sunnylven skyttarlag tydeleg på «kartet» under Lerum cup. (Foto frå arkivet)

Heile ni skyttarar frå Sunnylven Skyttarlag deltok og presterte god skyting i dei fem skytestemna i Lerum cup som vart arrangert i Sogn sist veke.

Tekst/foto: Rune Tryggestad

Over 700 skyttarar frå heile landet deltok i Lerum cup nyleg. Det vart vist mykje god skyting i dei forskjellige klassene der fleire sunnylvsskyttarar hevda seg godt både på enkeltstemna og samanlagt.

I klasse Aspirant deltok Ørjan Frøysadal Hauge. Han skaut som best 244 poeng i stemnet på Leikanger. Aspirantane vert ikkje rangert på resultatlistene, men han hadde beste resultatet av dei over 50 som deltok i klassa. Han hadde 150 poeng på dei 15 fyrste skota (klassa) Slå den!!

I klasse Eldre Rekrutt deltok Kristian Frøysadal Hauge. Han Hadde problem med børsa i starten men fikk sving på den igjen og skaut som best 349 poeng i Sogndal. Det var Kristian sitt andre stemne med dette resultatet i år. Det er ikkje lenge før Sunnylven får ein ny medlem i 350 klubben i DFS. Kristian vart nr 38 samanlagt med 1724 poeng.

I  klasse Rekrutt deltok Isak Frøysadal Hauge. Han var uheldig i eit av stemna med feil på skiva si som øydela samanlagt for han. Beste enkeltresultat var 337 poeng i Leikanger. Isak vart nr 48 samanlagt med 1612 poeng.

Seniorane gjorde og sine saker godt.

Klasse 5 

Ivar Fivelstad  nr. 34 samanlagt med 1702 poeng. Beste res. 342 poeng i Knipenborg (Årdal)

Klasse 4

Trygve Aa. Tryggestad nr. 6 samanlagt med 1679 poeng. Beste res. 338 poeng i Knipenborg (Årdal))

Kjell Oddvar Frøysa  nr. 24  samanlagt med  1647 poeng. Beste res. 335 poeng i Aurland

Klasse 3

Dag Andre Hauge nr. 5 samanlagt med 1638 poeng. Beste res. 336 poeng i Aurland

Nils Olav Frøysa nr. 11 samanlagt med 1614 poeng. Beste res. 327 poeng i Sogndal.

Klasse 2

Rune Tryggestad nr. 24 samanlagt med 1585 poeng. Beste res. 323 poeng i Aurland.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380