Olden-toget kjem til Hellesylt
Mange huskar nok Thomas-toget og den glade togføraren som køyrde rundt under Sommardagar på Hellesylt. I år kjem eit liknande tog og ein like blid togførar til «dagane».
Ruta til det vesle toget med to vogner og plass til 42 passasjerar er bestemt. Det blir start og stopp ved bensinstasjonen på Hellesylt og deretter blir køyreruta over Hellesylt bro, rundt kaihuset, tilbake til gata og Øcal kafe, til grusbana og rundt Ole Ringdal AS. Toget blir på Hellesylt under Hellesyltdagane, både laurdag 9. og søndag 10. juli.
Det skal også bli ein gratistur for alle bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter om dei har lyst, seier Endre Muri som eig toget han har kalla Olden sightseeing.