LokalnyttLokalsport

Sterk innsats  i Eikenosa Opp.

Hege Ringdal tok ein flott 2-plass. (foto:privat)
Hege Ringdal tok ein flott 2-plass. (foto:privat)

Sunnylven IL stilte med fleire løparar i Eikenosa Opp laurdag 7 mai. Eikenosa Opp er eit motbakkeløp som går opp mot Emblemsfjellet. Løpet går på asfalt og delvis grusveg. Total lengde på løpet er 4.470 meter med ein høgdeforskjell på ca 300  meter frå start til mål.

Kristine Hjellbakk Hole vann dameklassa på tida 24.25, og tok dermed fyrste napp i vandrepokalen. Ho var 52 sekund framfor Hege Ringdal, som tok ein flott andreplass. I tillegg vart Kari-Anne Tryggestad Ryste nr 4. Kvinneklassa samla 22 løparar.

I herreklassa vart Kasper Ringdal nr 25 av 49 deltakarar.

Kari-Anne Tryggestad Ryste vart nr. 4. (foto: privat)
Kari-Anne Tryggestad Ryste vart nr. 4. (foto: privat)

Les meir om løpet på Kondis sine nettsider:

http://www.kondis.no/nye-og-overraskende-vinnere-i-eikenosa-opp.5873001-127676.html

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info