Lokalnytt

Dansa for cruisegjestar

Barneleikarringen i Hellesylt UL gjorde stor lukke med si danseoppvisning på kaia for cruisepassasjerar.
Barneleikarringen i Hellesylt UL gjorde stor lukke med si danseoppvisning på kaia for cruisepassasjerar.

Fredag 3. juni la cruiseskipet Arcadia til ved Hellesylt kai med 2400 passasjerar om bord. Der serverte unge lokale aktørar kulturelt innslag på kaia.

Det var høgsommar på Hellesylt fredag då Arcadia klappa til kai om lag ein halvtime etter annonsert anløpstid. På kaia vart dei helsa velkomne av danseglad ungdom frå Hellesylt Ungdomslag. Barneleikarringen hadde finpussa på fleire av dansane dei øvde inn til 17. mai og på betongdekket på Hellesylt kai svinga dei rundt tretti unge og eldre dansarane like flott som alltid.

At dansarane hadde stasa seg opp i bunadar var tydeleg ekstra populært mellom dei mange cruisegjestane som såg på. På kaia stod det tett med folk og opp over i etasjane på det 290 meter lange skipet hang tilskodarar ut over på alle rekkverk. Innslaget med barneleikarringen på Hellesylt kai var ein suksess som avgjort må gjentakast om aktørane vil.

Etter vel halvtimen var det slutt og turen for dansarar og leiarar gjekk til Joker på Hellesylt. Der spanderte Liv Jorunn Sporstøl og Ole A. Ringdal brus og pølse med brød på alle som takk for flott innsats.

Det fine veret gjorde at innslaget vart ekstra triveleg og fekk masse velfortent applaus. -Er det ofte dans av barneleikarringen på Hellesylt, og er her alltid så fint ver, var spørsmål vi fekk. Svaret det vart sjølvsagt ja.

 
[metaslider id=13800]

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380