Lokalnytt

Fjellgården Øvre Ljøen Amfi opnar laurdag

Ole HJalmar Bonsaksen kan roe ned, det er klart for opning av naturamfiet på laurdag fyrstkomande.
Ole Hjalmar Bonsaksen kan roe ned, det er klart for opning av naturamfiet på laurdag fyrstkomande.

Ole Hjalmar Bonsaksen og hans medhjelparar er i mål med storsatsinga på eigen konsertsal i det fri. Laurdag er det opningskonsert i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi.

Det riggar stort og flott i skråninga oppfor tunet på Øvre Ljøen. Her har familien Bonsaksen bygt opp eit anlegg for både konsertar og andre arrangement under open himmel. Ei stor scene på 40 kvadratmeter ligg like inn til tunet og den gamle fylkesvegen, og oppe i bakken riggar ein gapahuk med ei takflate på det doble av scena. Der er solid rekkverk av villmarkspanel og golv klargjort for legging av torv.

Utsikta frå toppen av gapahuken er unik.
Utsikta frå toppen av gapahuken er unik.

Skapt frå naturen

Her blir det bardisk med krakkar langs etter heile rekka. Under det solide byggverket av runde granstokkar, hogge i eit plantefelt på Haraldhaugen på Ljøen og spandert av eigaren, blir det rigga med benkar til å sitje på, forklarar Ole Hjalmar som trur det blir plass til rundt 600 totalt i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi.

Det er Ole Hjalmar og bror Magne som har reist det unike anlegget, kanskje det flottaste naturamfiet i fjernt nærområde med fjord, fjell og høg himmel som bakteppe. Men det har kosta både tid og pengar. Rundt 500 arbeidstimar og 200.000 kroner i kontantar, medrekna eit lydanlegg er satsa så langt.

Her skal det bli torv på golvet. Langs rekka blir det bardisk.
Her skal det bli torv på golvet. Langs rekka blir det bardisk.

Eit brødreprosjekt

–Både eg og broderen er interessert i musikk og i tillegg satsar vi mykje på turisme her på Ljøen. Vi vil at det skal skje noko, vi må prøve å skape noko som er til trivsel både for oss og lokalbefolkninga. Det må ikkje bli ei bygd der det meste dør vekk, seier Ole Hjalmar og legg til. –Oppbygginga av anlegget har vore både spanande og lærerikt, men utan hjelp av  Magne som har jobb i Norconsult i Molde, hadde det vore ei umulegheit å få til. Magne har berekna snølast av største tyngde og garanterer at konstruksjonen held. Det er mitt og Magne sitt prosjekt dette, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

Stolt far

Far Frank Ole har også vore god hjelpar dei siste to vekene. –Eg hjelpte mellom anna med å spleise nokre vaierar som forankring. Men eg synest dei har gjort solid og godt arbeid, eg er litt stolt av jobben dei har gjort, seier han.

Det er solide materiale som er brukt i byggverket.
Det er solide materiale som er brukt i byggverket.

Musikar tilbake

Komande laurdag er det opningskonsert i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Då kjem Egil Olsen med band tilbake. Han heldt avslutningskonsert under Hellesyltdagane i fjor nettopp her på Ljøen, men i år møter han eit meir utbygd og eksklusivt naturamfi å spele i.

Konserten startar klokka 19.30, men ein time tidlegare opnar «dørene» til Fjellgården Øvre Ljøen Amfi med oppvarmingsmusikk av Håkon Stråmyr, snorklipping og taler. Vertskapet på Øvre Ljøen håper mange kjem, at dei nyttar høve til å oppleve ein flott konsert og sommarkveld på Ljøen.

Fjellgården Øvre Ljøen Amfi har også eigen grillplass med blomar og jordbærplantar, ei perle leita fram i naturen.
Fjellgården Øvre Ljøen Amfi har også eigen grillplass med blomar og jordbærplantar, ei perle leita fram i naturen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380