Heider til brannmenn
Under kommunestyremøte i Stranda denne veka vart fleire brannmenn heidra med KS sin diplom og nål for 25-års teneste i brannkorps i kommunen.
Frå Hellesylt fekk heile sju frå det lokale brannkorpset tildelt KS sin diplom og nål for å ha tenestegjort i meir enn 25 år i det lokale brannkorpset. Stein Inge Giskehaug frå Stranda og Sturla Bjørnstad frå Geiranger var dei to andre som fekk tildelt sine utmerkingane frå ordførar Jan Ove Tryggestad.
Bjørn Tryggestad, Per Svein Hole, Amund Lien, Per Amund Frøysa, Leif Egil Åsen, Arne Ringdal har alle vore med meir enn 25 år i korpset på Hellesylt. Kor mange år veit ikkje Bjørn Tryggestad, men det er nok rundt 40, seier han. Enno lenger har den sjuande av brannsløkkjarane, John Ringdal vore med, for han er inne i sitt 50. år i Hellesylt brannkorps, blir oss fortalt. I tillegg til diplom og nål fekk alle eit gåvekort frå Stranda kommune som takk for innsatsen.
Brannmeister i Stranda, Inge Teigen opplyser at brannkorpset på Hellesylt består av ti brannmenn.