Lokalnytt

Knepen Quiz-siger

Best 1
Vinnarlaget «Vi som ikkje er på Furneset»: Frå venstre Per Svein, Nina, Hilde, Randi, Ann-Janne og Rune.

Quiz-laget «Under Kopen» tapte med minst mogleg margin for heimeverande Furnes-mannskap under sommar-Quizen på Peer Gynt galleriet laurdag.

Det vart «Vi som ikkje er på Furneset» som sigra i årets fyrste sommar-Quiz på Peer Gynt galleriet. Laget vann med minst mogleg margin, berre eitt poeng føre det mestvinnande Quiz-laget «Under Kopen».

Quiz-master Arild Ringdal hadde sett saman 36 spørsmål i tre omgongar med innhald han kalla «hummar og kanari». Det vart vanskeleg nok for dei fleste, men artig å delta. Og nye Quiz er planlagt.

Her er resultatlista:

Vi som ikkje er på Furneset 8- 9 -8 25
Under Kopen 7-11-6 24
Harrelaget 6 -8 -8 22
Gjengen allianse 7.5 -4.5 -4.5 16.5
Blandet drops 5 – 5.5 – 6 16.5

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380