LokalnyttLokalsport

Miniturnering for Jenter 7 år.

Her er J 7-ar laget til Sunnylven med spelarar , trenarar og oppmann.
Her er J 7-ar laget til Sunnylven med spelarar , trenarar og oppmann. Fyrste rekke frå venstre Siv-Anita, Marta og Sina Helen. Andre rekke: Ingeborg, Ronja Mari og Isabella. Tredje rekke: oppmann Lillian Aasheim og trenarane Gunn-Elise Gjelsvik og Petrin Friestad.

Seks lag deltok på miniturnering for jenter 7 år på Ørskog laurdag. Mellom laga var også Sunnylven.

Miniturneringa på Ørskog vart godt arrangert på ei flott bane og vart både fartsfull og målrik. Seks lag deltok i det fine sommarveret, i tillegg til Sunnylven var Valldal, Stranda, FK Sykkylven, sp.kl. Herd og Ørskog med.

Det vart ein siger, to uavgjort og eitt tap på laget frå Sunnylven. Dei spela fire kampar på to gange tolv minutt, skåra 7 mål, og slepte inn 5 mål totalt. Flott kjempa av raude og blå jenter. «Tidleg krøkast som god krok skal bli», heiter det.

Mål til raude og blå jenter. Då er det lov å juble.
Mål til raude og blå jenter. Då er det lov å juble.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380