NVE på synfaring sist i juni

I elva omlag midt i Haugedalen er inntaket for røyrgata til Hauge kraftverk planlagt.

I elva omlag midt i Haugedalen er inntaket for røyrgata til Hauge kraftverk planlagt.

Norges vassdrags- og energidirektorat kjem til Sunnylven og Geiranger i slutten av juni for synfaring av fire kraftverksprosjekt, og ei ny overføringslinje mellom Tomasgard og Tryggestad.

I slutten av juni kjem NVE til Stranda kommune der det blir synfaring av fire omsøkte utbyggingar av kraftverk. Kraftverka det er søkt om konsesjon for er Langedalen kraftverk (20.4 GWh), Hauge kraftverk (15.50 GWh), Røyrhus kraftverk (6.95 GWh) og Storfossen minikraftverk (5.60 GWh) i Geiranger. Dei fire prosjekta vil til saman gje 48.45 GWh ny, rein energi.

NVE vil også sjå på SFE Nett AS sine planar for ny kraftleidning mellom Tomasgard i Hornindal og Tryggestad i Sunnylven.

Før synfaringa seinare i juni merkar Dag Ronald Sylte nærmast og Rune Korsedal kvar traseen for røyrgata til Hauge kraftverk kjem.

Før synfaringa seinare i juni merkar Dag Ronald Sylte nærmast og Rune Korsedal kvar traseen for røyrgata til Hauge kraftverk kjem.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380