Lokalnytt

På sveletur med Veøy

Alle vel heime på Hellesylt etter nok eit vellukka svelecruise med turistferja Veøy.
Alle vel heime på Hellesylt etter nok eit vellukka svelecruise med turistferja Veøy.

I alt 24 bebuarar frå Sunnylven omsorgssenter fekk seg tur på Geirangerfjorden torsdag. I tillegg spanderte ferjeselskapet The Fjords kaffi og svele på alle.

Ferjeturen mellom Hellesylt og Geiranger og svele og kaffi under vegs har blitt tradisjon for bebuarane ved omsorgssenteret i Sunnylven og andre. Til saman 24 tok turen saman med tre føresette, og Ryan, Ronalf, Rasa og Jorun frå dei tilsette ved heimen.

Det var turistferja Veøy med heis om bord som inviterte på tur torsdag. Ferjeturen på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden vekte mange minner, og friska opp namn på fjordgardar og andre stader der dyr har beita og folk har gått. Frå ferja fekk Anna Jorun Ljøen sjå heimstaden sin på Ner-Ljøen, i Matvika hadde tørke svidd av alt gras i hagen, men lenger inn i fjorden var det mykje «liv» i Dei sju systre og Friaren.

Hjelparar som var med bebuarane på fjordturen sytte for at alle fekk seg gode svele.
Hjelparar som var med bebuarane på fjordturen sytte for at alle fekk seg gode svele.

Svelene på Veøy smaka fortreffeleg. Dei var laga av ei kokkedame frå Venezuela og etter ei oppskrift frå hennar heimland fekk vi oss fortalt. Vi synest det smaka sunnmørsk av dei, så kanskje er sveleoppskrifta frå fyrst av koma frå Venezuela??

Med på ferjecruiset var også Ingeborg Korsbrekke. Under turen mintes ho mange historier etter mannen sin som gjekk bort i fjor haust. Ei var om plassemannen i Kurlå på Åseneset. Han ville ha seg kone og drog til Åkernes på friing. Der var tre jenter, men dei sende han heim, ingen ville ha den halt karen. –Å det blir nok slik som eg vil, sa han like optimistisk etter den mislukka friarturen. Og, nokre veker seinare var det bryllaup i Åkernes med Kurle-mannen som brudgom. – Det vart han likevel, sa dei til bruda som svara; – Ja du veit ein slik sjanse til å bli gardkjerring i Kurlå kunne eg ikkje gå frå meg.

I Geiranger låg tre cruiseskip torsdag. Eitt av dei var Aida sol.
I Geiranger låg tre cruiseskip torsdag. Eitt av dei var Aida sol.
I sol og mange varmegrader kunne alle kome ut på ferjedekk og sjå på turistbygda Geiranger.
I sol og mange varmegrader kunne alle kome ut på ferjedekk og sjå på turistbygda Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380