Lokalnytt

Selde svele til turistane

Elevane frå 8. klasse hadde mange kundar innom svele-kiosken sin laurdag. (Foto: Barbro Lade)
Elevane frå 8. klasse hadde mange kundar innom svele-kiosken sin laurdag. (Foto: Barbro Lade)

Då cruiseskipet Queen Elisabet var på besøk sist laurdag rigge elevar frå åttande klasse ved Sunnylven skule salsbod og selde sveler og saft til inntekt for skuletur.

Fem av elevane i 8. klasse spela i Sunnylven skulekorps som begeistra cruiseturistane med drivande korpsmusikk på kaia. Etterpå rigga dei klar salsboda like ved gangvegen til kaia og var å laga svelerøre av fem liter mjølk, ei røre som gjekk med før salet var over. Dei fire på bildet, steikte og selde, smilte fint og fekk praktisert engelsken sin.

Flinke elevar som jobba for å få finansert skuleturen sin. Målet var å selje til turistane på skipet, men mykje av salet gjekk også til andre tilskodarar.

-Resultatet etter salet er vi veldig fornøgde med, og vi vil nok benytte anledninga fleire gongar når høvet byr seg, Trass i at vi nesten blåste vekk der nede, hadde vi ei kjekk, sosial stund og følte vi spreidde glede til dei som var der. Men, det var godt å komme inn i varmt hus og finne fram pleddet etterpå, blir vi oss fortalt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380