Sommaravslutning ved Sunnylven skule.
Vi sat i salen og let oss imponere av elevane ved Sunnylven skule under sommaravslutninga torsdag. Her vart det innslag med musikk, song, sketsjar og akrobatikk frå unge aktørar.
Vi treng ikkje store skular for å få fram flinke elevar. Sunnylven skule må vere eit godt eksempel på det. Bygda har eit gamalt, nedslite læringshus, men gode læringskrefter som står på. Dei tilsette hadde fortent ein nyare arbeidsplass, noko alle må engasjere seg for å få til. Sunnylven skule «leverer» elevar som alle bør vere stolte av.
Under sommaravslutninga på Sunnylven skule fekk ein fullsett storsal oppleve innslag av elevar utan det minste av sceneskrekk i eit vel timelangt, variert program.
Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg opna, og deretter kom 3. og 4. klasse på scena med sine korpsinstrument. I eit samarbeid mellom skule, kulturskule og skulekorps har elevane øvd to gonger i veke siste månaden. KIS (korps i skulen) heiter prosjektet som skal føre til rekruttering til Sunnylven skulekorps, sa Berg. Forsamlinga fekk høyre korps og aspirantar spele i lag og det lovar godt for framtidig rekruttering.
Mellomsteget ved Sunnylven skule kom heilt til finalen i musikktevlinga Veslefrikk. Av 1700 frå heile landet var kulturskuletilsett Marianne Hafsås sine elevar frå Sunnylven mellom dei seks som kom til finalen. Musikken dei hadde øvd inn var samansett av mange instrument. Under sommaravslutninga framførte dei folketonar frå nordiske land, frå Jamaica og Afrika, og til slutt fekk publikum høyre musikken som kom i finalen, eit litt Nordheim-inspirert verk .
Ungdomssteget har 18 elevar, ein sporty gjeng med godt samhald, sa rektor Bjørneset og det hadde han rett i. Dei kan synge, vi såg fleire frå ungdomskoret Joyful, og vi fekk høyre mellom anna «liten fugel» av Vamp. Det som imponerte like mykje var turninnslaga på scena, pyramidebygging og lange, flygande byks over medelevar. Der var både spenst og litt modigheit på plass.
Enkel servering til alle avslutta sommaravslutninga torsdag kveld. Rektor Torje Bjørneset takka fleire, både elevar og FAU for hjelp med tillaging av festen, og han retta stor takk til læringspersonalet på skulen, og til vaktmeister og reinhaldarar som vaskar for harde livet i den til årskomne skulen, som han uttrykte det.