Lokalnytt

Sunnylven Pensjonistlag på tur

 

Velfornøgde pensjonærar på siste kaffipause
Velfornøgde pensjonærar på siste kaffipause

Finare turver enn det vi hadde laurdag 11.juni, er det ikkje råd å få. Til og med nordavinden tok pause då 45 pensjonærar frå Sunnylven avslutta vårsesongen med busstur til Bremangerlandet.

Tekst: Harald Sørheim.

IngerTrans stilte på med komfortabel buss og dyktig sjåfør. Ingvar Bævre fekk verkeleg vise høg kompetanse i åletrange Kalvåg-gater og smale Bremangervegar! Leiar i laget, Astrid Langeland, var elles vår stødige og humørfylte tursjef. Angelika Fivelstad stilte på som guide og fekk verkeleg syne  sine solide  kunnskaper i lokalhistoria vår.

Ventinga på ferjekaia på Stårheim vart vår første kaffipause. På eit blunk trylla damene fram det eine lefse- og kakefatet etter det andre. Ferja kom nesten for tidleg…

Vi nyt utsikta på Grotlesanden
Vi nyt utsikta på Grotlesanden

Mellom passasjerane var Anne Marie Stokke. Ho er oppvaksen i Bremanger og kjenner området ut og inn. Det var kjempekjekt å høyre henne fortelje frå barndom og oppvekst og knyte opplevingar til dei ymse lokale plassane vi for forbi. Den kvite, mjuke fjøresanden måtte vere ein utfordrande og spanande leikeplass!! Å rusle på den vidkjende Grotlesanden og nyte utsikta mot storhavet og Grotlepollen ein vindstille sommardag var veldig spesiell!

Vår lokalkjende guide, Anne Marie Stokke (i midten), på si barndoms strand.
Vår lokalkjende guide, Anne Marie Stokke (i midten), på si barndoms strand.

I idylliske Kabelvåg fekk vi «himmelsk» fiskesuppe på Knutholmen restaurant. Mette og litt døsige for vi vidare tilbake og tok ferja til Måløy. Siste pause tok vi på Maurstad med kaffi og kakerestar. På slutten av turen takka Knut Tryggestad for ein strålande tur og gav velfortent honør til Astrid  for godt leiarskap.

Kalvåg
Kalvåg
Hurra for IngerTrans!
Hurra for IngerTrans!
Idylliske Grotle
Idylliske Grotle

Alle foto: Harald Sørheim

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info