LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Fekk Frivilligheitsprisen

Åge Gjørvad vart overrakt Frivilleghetsprisen for 2016 av Aud Tomasgard Berstad og Erling Ljøen.
Åge Gjørvad vart overrakt Frivilleghetsprisen for 2016 av Aud Tomasgard Berstad og Erling Ljøen.

Ein svært overraska Åge Gjørvad frå Hellesylt kunne laurdag motta Stranda Frivilligsentral sin heiderspris for sitt engasjement for trivselstiltak i heimbygda .

Det var medlem i komiteen Erling Ljøen og leiar for Frivilligsentralen i Stranda Aud Tomasgard Berstad som stod for utdelinga. I ei lang grunngjeving for tildelinga av Frivillegprisen som var eit bilete måla av Norunn Møllsæter, Geiranger, kom Ljøen inn på fleire ting som Åge Gjørvad hadde vore pådrivar og eldsjel for å få gjennomført i heimbygda. Han var eit ja-menneske som ikkje hadde sett seg i gyngestolen etter at pensjonisttida kom, men hadde både planlagt og utført trivselstiltak. –Ikkje berre gjer han planlegginga, hen tek også ansvar og får jobben utført, sa Ljøen mellom anna.

Åge Gjørvad var mellom anna Sunnylven sin drivande gode keeper på fotballaget i ungdomen, han har slått baner og hatt tillitsverv i idrettslaget.

I Coop-kroken har det blitt lagt planar for større prosjekt som skogrydding på Svarthammaren og opprigging av eitt av Sunnmøres flottaste juletre der, eller som skogrydding langs Hellesyltfossenfor eit par år tilbake. Og heile vegen har innsatsen blitt oppfriska med gode historier, også med opplysningar til boka «Unge sabotørar», sa Erling Ljøen då han las frå grunngjevinga frå komiteen. Med biletet fylgde også vakre blomar. Prisvinnaren var meir enn overraska, men takka så mykje for gåva.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380