LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Flyttar fram konsert på Ljøen

Pål Angelskår blir å høyre i Øvre Ljøen Amfi frå klokka 18.00 søndag.
Pål Angelskår blir å høyre i Øvre Ljøen Amfi frå klokka 18.00 søndag.

Konserten med Pål Angelskår i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi søndag er flytta fram to timar grunna EM-finalen i fotball.

Pål Angelskår har mange prisbelønte songar og er ein dyktig musikar. Søndag 10. juli inntek han amfiscena på Øvre Ljøen med siste programpost og som siste artist under Hellesyltdagane. I utgangspunktet skulle arrangementet starte med opne dører frå klokka 18.00 og konsertstart to timar seinare.

Endra tidspunkt

No er dette endra, opplyser Ole Hjalmar Bonsaksen hos arrangøren. Det blir opne dører frå klokka 17.00 og konsert klokka 18.00. Konserten varer i ca. to timar. Bonsaksen opplyser at dei endrar tidspunkta grunna finalen i EM fotball.

-Men vi jobbar no med å få opp storskjerm på Ljøen så alle som kjem på konsert skal få begge deler, ein fantastisk utekonsert med Pål Angelskår, og finale i EM fotball. Det er berre å møte opp til avslutningsarrangementet på Hellesyltdagane 2016, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380