LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Godt nøgde med «loppesalet»

Eit godt kjøp? Ein stol og ei handveske.
Eit godt kjøp? Ein stol og ei handveske.

Sunnylven sanitetslag hadde loppemarked laurdag. Kjøpelystne var på plass, men mange flotte antikvitetar må stå over til neste år.

Loppemarknaden til Sunnylven sanitetslag er enno gamlare enn den årlege sommarfesten på Hellesylt. Sommardagane feirer 30 neste år, men loppemarknaden er nok ti år eldre, får vi oss fortalt. Og «lopper» er det fortsatt nok av i bygda. –Vi tek ikkje mot kler lenger, men elles har «loppebutikken» vår omtrent alt berre det er reint og heilt, fortel leiinga i sanitetslaget.

Under Hellesyltdagane laurdag var det mange kundar og sjølv om det ikkje blir betalt dei store beløpa for antikvitetane, så gjev det pengar i lagskassa, viktige inntekter for eit lite lag.

Av ting vi såg på loppemarknaden i år var bilete, bøker, koppar og kar, lysestakar av messing, pyntefat, nokre litt mindre møbel og ei god, gamaldags eplekasse av tre.

Salet var som tidlegare år og også økonomisk var leiinga ei sanitetslaget godt nøgde med årets loppemarknad.

Eller ei dessertskål og ei kaffikrus?
Eller ei dessertskål og ei kaffikrus?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380