LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Heldt ikkje sol-garantien

Ann Kristin Langeland beklaga at komiteen ikkje fekk sola til å skine heile tida under Hellesyltdagane i år.
Ann Kristin Langeland beklaga at komiteen ikkje fekk sola til å skine heile tida under Hellesyltdagane i år.

-Eg beklagar at vi ikkje greidde heilt å halde sol-garantien under årets Hellesyltdagar. Men neste år når vi feirar 30 år skal det bli sol frå blå himmel.

Om lag med slike ord innleiar medlem i arrangementskomiteen, Ann Kristin Langeland då ho på slutten av Hellesyltdagane søndag takka til mange for innsatsen gjennom ei ny minnerik helg. No var vel ikkje veret så aller verst, men ikkje heilt som det brukar å vere heller med nermast sydlandske forhold. Ho tykte det var flott at så mange kom til Hellesylt denne sommarhelga som betyr mykje økonomisk for lag og organisasjonar i bygda.

Det var mange som hadde bidrege med dugnad for å få det heile godt i hamn, sa Ann Kristin Langeland og ho nemde spesielt Sparebanken Møre som bidrog økonomisk.

Ho gløymde heller ikkje programleiaren frå utescena under to dagar, verdsarvprest Morgan Berg som hadde gjort ein framifrå jobb. –Han har stilt oss spørsmål i samband med programleiinga, men vi har ikkje klart å svare han godt. Likevel har han leia oss gjennom to lange programdagar på ein flott måte, la Langeland til. Ho ønska alle velkomne, om ikkje før så til Hellesyltdagane neste år med 30-års jubileum frå 7. til 9. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380