Midt-norsk meisterskap skyting
Engesetdal og Skodje skytterlag arrangerte Midt Norsk Meisterskap i felt og baneskyting frå fredag 1. juli til søndag 3. juli.
Tekst/foto: Rune Tryggestad.
Rundt 350 skyttarar frå Trøndelag og Møre og Romsdal deltok under Midt-norsk meisterskap
Sunnylven Skytterlag stilte med ni deltakara i meisterskapen, og både på felt og baneskytinga gjorde dei sine saker godt.
På finfelten vart Isak Frøysadal Hauge nr 18 med 30/14 treff i Rekruttklassa
Broren Kristian Frøysadal Hauge var hakket kvassare i kl. Eldre Rekrutt der han skaut fullt hus med 42/ 27 treff. og vart nr 11. Men her er konkuransen knallhard og det må nesten vere innertreff om ei vil gå til topps.
I kl. V/ 73 vart Oddmund Fivelstad nr 7 med 41/31 treff.
GULL I LAGSKYTING PÅ GROVFELT.
Ivar Fivelstad, Trygve Aaland Tryggestad og Nils Olav Frøysa tok gull i lagskyting på Sunnmøre Skyttersamlag sitt åtte-mannslag på grovfelten.
SØLV TIL IVAR FIVELSTAD .
På grovfelten vart Ivar Fivelstad nr 2 i kl. 5 og nr 2 samanlagt med 41/14 treff.
Trygve Aaland Tryggestad vart nr 2 i kl. 4 og nr 10 samanlagt med 39/20 treff.
Kjell Oddvar Frøysa skaut 34/14 i kl. 4 og vart nr 18 i klassa.
Nils Olav Frøysa vart nr. 2 i kl. 3 med resultat 38/18
Dag Andre Hauge i same klasse fikk 30 /14 og vart nr. 13
I kl. 2 skaut Rune Tryggestad 23/5 og vart nr. 12
Det vart og skote stang og felthurtigskyting
I kl. Eldre Rekrutt vann Kristian Frøysadal begge deler med 11 treff på stang og 23.76 sek på felthurtigskytinga
Av seniorane var det Trygve Aaland Tryggestad som var skarpast. Han vart nr. 5 samanlagt på stangskytinga med 21 treff og nr. 7 samanlagt på felthurtigskytinga med 11.51 sek.
BANESKYTING
På bane 100 m 25 skot innleiande skyting vart resultata slik.
Klasse Rekrutt
Isak Frøysadal Hauge 242/7* nr 14
Klasse Eldre Rekrutt
Kristian Frøysadal Hauge 248/15* nr 15
Veteran 73
Oddmund Fivelstad 248/16* nr. 10
200 m 25 skot
Kl. 5 Ivar Fivelstad 241/6* nr. 15
Kl. 4 Trygve Aaland Tryggestad 240/7* nr. 4
- 4 Kjell Oddvar Frøysa 238/6* nr. 5
Kl. 3 Dag Andre Hauge 232/5* nr. 5
- 3 Nils Olav Frøysa 225/5* nr. 10
Kl. 2 Rune Tryggestad 220/1* nr.28
Finaler på søndag
På 200 m skaut Trygve Aaland Tryggestad finalen på søndag. Krevande «svenske» finale med 5 skot kne i serie+5skot ståande enkeltskot med anvising mellom kvart skot. Han vart nr 30 samanlagt i kl. 3-5.
Trygve Aaland Tryggestad skaut og på U/25 år laget til Sunnmør Skyttarsamlag som tok bronsemedalje på baneskytinga saman med Hanne Vangen, Ola Vangen og Fride Lise Fagervoll.