LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Rås-vandring til Kurlå

Knapt 50 tilhøyrarar føl oppmerksomt med når Arne Ringdal fortel om Kurlå.
Knapt 50 tilhøyrarar føl oppmerksomt med når Arne Ringdal fortel om Kurlå.

Arne Ringdal har år om anna halde svært populære gatevandringar i sentrum under Hellesyltdagane. Laurdag hadde han lagt opp til det vi får kalle ei rås-vandring, frå Shell-kaia og ut til Kurlå. Han fekk fylgje av mest 50 lydhøyre og interesserte tilhøyrarar.

Vandringa starta der det gamle tankanlegget til Shell låg. I 35 år forsynte dette lageret eit stort område både på Sunnmøre og i Nordfjord med bensin og olje, fortalde Ringdal.
Ivar N. Hole var ein av initiativtakarane til å få lagt dette lageret på Hellesylt, og han var og den første sjåføren som i ei årrekkje køyrde ut bensin frå Shell-anlegget. Seinare tok Halvdan Lødemel over køyringa. Anlegget vart demontert og tankane frakta bort sjøvegen hausten 1981.

På vandring gjennom skogen på den nye råsa laga av mellomsteget ved Sunnylven skule
På vandring gjennom skogen på den nye råsa laga av mellomsteget ved Sunnylven skule

Fleire buplassar

På vandringa mot Kurlå tok Ringdal fleire stogg, først ved ein stad som vart kalla Silde-gløset. Han visste og godt bakgrunnen for namnet, her sat folk frå notlaget i bygda, særleg Arnljot Syltevig, og gløste (kika) etter sild, fortalde Ringdal.

Arne Ringdal fortel om buplassen Bergane
Arne Ringdal fortel om buplassen Bergane

Neste stogg var ved buplassen Bergane. Her stod det i si tid to, kanskje tre hus, og der var og rydda ein frukthage. Ringdal fortalde forvitneleg om brukarane frå midt på 1800-talet, til siste brukaren, Tore Severinsson Øye flytte derifrå.
Målet for vandringa var Kurlå, ein buplass som no vert restauret av Storfjordens venner. Også her kunne Ringdal ause av brei kunnskap og krydra fortejinga si med fleire gode historier om busetjarar der. Han fortalde og om samarbeidet som mellomsteget ved Sunnylven skule haddde hatt med Storfjordens venner her.

Arne Ringdal framfor det mest nyrestaurerte huset i Kurlå
Arne Ringdal framfor det mest nyrestaurerte huset i Kurlå

Både Bergane, og ikkje minst Kurlå, var ofte busett av folk frå Åsen etter at dei var blitt kårfolk, eller av unge folk som budde her ei tid til dei fekk seg ein betre plass.
Til sist fortalde Odd Normann Hoff litt om det omstendelege og nøyaktige arbeidet som krevst ved slike restaureringar som i Kurlå. Arbeidet her kjem på om lag ein og ein halv million kroner, og Hoff meinte arbeidet kunne stå ferdig i august i år.