LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Rolege Hellesyltdagar for Stranda Røde Kors

Stranda Røde Kors hadde base mist i Hellesylt sentrum. Frå venstre Lillian Aasheim, Linda Ludvigsen, Ellinor Fivelstad, Liv Marit Krüger, Espen Gjærde og leiar Per Inge Jelle.
Stranda Røde Kors hadde base mist i Hellesylt sentrum. Frå venstre Lillian Aasheim, Linda Ludvigsen, Ellinor Fivelstad, Liv Marit Krüger, Espen Gjærde og leiar Per Inge Jelle.

Stranda Røde Kors var til stades under Hellesyltdagane også i år. Heldigvis vart det rolege dagar.

Leiar i Stranda Røde Kors, Per Inge Jelle hadde med seg gode hjelparar til Hellesyltdagane. Både i Hellesylt sentrum og ved World Base race-konkurransen frå Helsetkopen var dei til stades og godt synlege.

Det vart rolege dagar for mannskapet frå Stranda Røde Kors, fortel Jelle og er glad for det. Plastring av eit par skrubbsår og ein støttebandasje på eit kne var det einaste av oppdrag i sentrum. Også ein leiteaksjon etter eit lite barn som var kome bort i folkehavet enda godt. Barnet vart funne etter kort tid og gjennforent med mor. Ved fjellflyginga frå Helsetkopen var der ingen oppdrag eller skadar, fortel Per Inge Jelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380