Lokalnytt

Fest for Flofjellvegen

Flofjellvegen ved Nedstevatnet
Flofjellvegen ved Nedstevatnet

Flofjellvegen har med støtte frå Miljødirektoratet fått ei betydeleg standardheving. Vegen har status som «statleg sikra friluftsområde».

Etter søknad fekk Flofjellvegen 441.000.- kroner til utbedringstiltak. I løpet av året har det blitt ny stor parkeringsplass, sanitæranlegg med toalett, informasjonstavle og opprusting av vegen med nye grindar.

I høve dei utførte arbeida inviterer Stranda kommune til opningsfest søndag 11. september. Oppmøte er på parkeringsplassen ved Vollset, 570 meter aust for siste gardstun.

-Dette er ein folkefest for Sunnylvsbygda og nærområdet. Arrangementet vert ope. Det vert enkel servering og orientering om prosjektet med helsingar frå dei spesielt inviterte gjestane, skriv næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal i ei pressemelding.

Programmet søndag 11. september er;

1245-1300 Oppmøte, Vollset. Servering

1300-1330 Orientering om prosjekt og prosjektgjennomføring.

v/næringssjef Inge Bjørdal

1330-1345 Opning/avduking og snorklipping

v/fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde

1345-1415 Innlegg med taletid maks. 3 min

 Repr. for grunneigarane

 Jan Ove Tryggestad og/eller Åse Elin Hole. Ordførar/rådmann, Stranda kommune

 Ole Helge Haugen. Fylkesplansjef

 Sven Flo. Ordførar, Stryn kommune

 Repr. for Sunnmøre Friluftsråd

 Ingbjørn Bredeli. Forum for natur og friluftsliv (FNF), Møre og Romsdal

 Merete Løvoll Rønneberg. Formidlingsleiar naturarv / kulturarv, Norsk Fjordsenter

Jostein Dalen. Leiar HOK, Stranda kommune.

1415 Vandring langs stien for dei som ønskjer det

Gratis servering (kaffi, bollar, pølser)

Flofjellvegen kryssar elva ved Stigholvatnet
Flofjellvegen kryssar elva ved Stigholvatnet

Alle foto: Sigmund Alme

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *