Lokalnytt

Hellesylt med laddestasjon for El-bilar.

Knut Hole viser fram kontakta for ladding av El-bilar.
Knut Hole viser fram kontakta for ladding av El-bilar.

Hellesylt El-sykkelutleige har tilbod på El-drift. Ikkje berre for syklande, men no også for El-bileigarar.

Hellesylt har fått laddestasjon for El-bilar. Ved den tidlegare Brannstasjonen i sentrum er det montert opp kontakt for ladding av El-bilar. Det er eigar av Hellesylt El-sykkelutleige, Knut Hole som har utvida tilbodet. For vel ei veke sidan monterte El 24 kontakta som kan hjelpe straumlause bileigarar vidare. Det er ei kraftig 32 amper og seks-pluggars kontakt som står på utsida av veggen på den tidlegare Brannstasjonen, på same bygg som El-syklane er stasjonert.

Kontakta kan berre brukast av El-bilar, men ikkje av hybridbilar. Knut Hole har planar om å få montert opp ei ekstra kontakt også for desse om ikkje lenge.

Å ladde ein El-bil går fort ved stasjonen på Hellesylt, men må laddast heilt opp før leidninga kan løysast frå kontakta. Hole har sett prisen til 20.- kroner timen som er svært rimeleg i høve til prisar ved andre laddestasjonar. Bileigarar får tilgang til laddestasjonen ved å kontakte Peer Gynt Galleriet på Hellesylt på dagtid, eller ringe Hole på tlf. 984 68 767.

Les meir om El-laddestasjonar i Norge her: http://www.ladestasjoner.no/

Utleige av El-syklar har hatt fin auke frå i fjor, fortel Knut Hole.
Utleige av El-syklar har hatt fin auke frå i fjor, fortel Knut Hole.

Auka sykkelutleige

Også Hellesylt El-sykkelutleige utvida sykkelparken til sesongen og har hatt fin auke etter at Knut Hole starta opp med seks syklar i fjor. Det har i snitt blitt leigd ut ein sykkel kvar dag frå mai til fyrst i august.

Og enno er ikkje sesongen over. Syklar er å få leige ved å kontakte Peer Gynt Galleriet på dagtid, eller ringe Knut Hole. Prisar for leige av ein sykkel er 50.- kroner timen, eller 300.- kroner for eitt døgn.

Å vere eigar av ei bedrift blir til at ein ofte må stå på mest heile døgnet. Knut Hole fortel at det vart sykkelkundar då eit cruiseskip låg over frå ein dag til neste ved Hellesylt kai i sommar, men at det vart ei kort natts søvn.

-Om bord var turistar som ville sykle gjennom Norangsdalen og tilbake. Dei starta seint om kvelden og kom tilbake langt på natt. Då ville dei ikkje sete syklane frå seg utan at eg tok i mot, dei var ikkje vande med at ting kunne stå ute ulåst utan tilsyn. Eg måtte berre ta turen til Hellesylt klokka 02.00 om natta for å låse inn syklane, fortek Knut Hole og smiler litt av det spesielle, men også fine sommarminne.

Den tidlegare Brannstasjonen på Hellesylt huser både El-syklar og har kontakt for ladding av bilar.
Den tidlegare Brannstasjonen på Hellesylt huser både El-syklar og har kontakt for ladding av bilar.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *