Lokalnytt

Jetman har «landa».

[metaslider id=14597]

I Sunnylvsbygda har Prosjekt Jetman rigga ned for denne gong. Ei fantastisk veke der ny norsk flygehistorie er blitt vellukka utført.

Fredag var det nye flygingar med pilotar og den jetdrivne drakta, ikkje berre med ein pilot eller to, men med heile tre samstundes på himmelen. Det vart eit forrykande flygeshow mange fekk med seg, også på Hellesylt då dei tre og helikopteret like godt tok turen ned og over bygdebyen med både lyd og røyk.

Stor fart

For lokalbefolkning og andre skodelystne har det vore ei oppleving å følgje med på Jetman-prosjektet med start både frå helikopter og frå Helsetkopen. Det har blitt skapt flygehistorie der eit menneske har teke av og landa med motorisert flygedrakt.

Franske pilotar har susa gjennom lufta i Sunnylvsbygda i opp til 300 kilometer i timen, svinga, gått til vers og stupt nedover igjen. Og ved høve har dei slept ut røyk, noko mange skodelystne sette pris på. Det var ofte vanskeleg å få auge på «jetflygarane» høgt oppe mellom blå himmel og skyer.

Tåka kom

Og vi såg det den eine dagen, då teikna dei eit stort hjarte på himmelen med røyken. Kanskje ei helsing til fleire, vertskapet på Helset, grunneigarar og ikkje minst til Stranda kommune som gav løyve til bruk av helikopter. Utan helikoptertransport hadde nok ikkje Prosjekt Jetman vore råd å gjennomføre frå Helsetkopen.

Fredag kveld var det tid for demontering av startrampa på Helsetkopen, men då kom tåka sigande. Den hindra helikopteret i å lette og lande, men prosjektmannskap demonterte rampa og bunta alt i hiv. Klokka fire om natt til laurdag var dei på Helset igjen etter fottur frå fjellet og vart servert kaffi og meir av vertskapet Janssen. På laurdag kom helikopteret tilbake og frakta alt utstyr ned.

Gjestfriheit

Opphaldet og gjennomføring av prosjektet har vore vellukka, det stadfestar kontaktmann og basehoppar Tom Erik Heimen. Og han rosar mange i området. –Slik gjestfriheit har vi aldri opplevd før. Det har vore heilt fantastisk, sa han på telefon og retta stor takk til Margretha og Martin Janssen, vertskapet på garden der basen har vore. Som ekstra takk for opphaldet er dei begge invitert på tur til Dubai når dei sjølve ønskje.

Sjølv om veret var litt varierande var tre av dagane gode vermessig. Då gjekk alt som planlagt. Og aller viktigast, alt har foregått utan uhell av noko slag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *