Lokalnytt

Konfirmantar samla igjen

50 -og 60-årskonfirmantar samla i Sunnylven kyrkje søndag 28. august.
50 -og 60-årskonfirmantar samla i Sunnylven kyrkje søndag 28. august. (Foto: Kristin Storstein)

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag 28. august kom konfirmantar frå 50 – og 60 år saman igjen. Av totalt 28 var 12 til stades.

I 1956 var det 12 som vart konfirmerte i Sunnylven kyrkje, og av dei møtte det fire. To er døde. I 1966 var det heile 16 konfirmantar, og åtte av desse var tilstades søndag. To frå dette kullet er døde. På gravplassen på Jogardsbøen vart det lagt ned blomar på gravene til dei av konfirmantane som har gått bort og er gravlagde der.

På biletet er konfirmantar og sokneprest samla i kyrkja.

Framme frå venstre: Torbjørn Sæter, Ingebjørg Sårheim Fivelstad, Jorunn Brekke Fjeldheim og Arne Inge Tryggestad.

Andre rekke frå venstre: Irene Kjellrun Nygård Valdal, sokneprest Stein Karstensen, Kjell Ragnar Hole og Reidar Brekke.

Bak frå venstre: Målfrid Marit Røyrhus Støvreide, Kjelly Solfrid Vollset Frøysa, Peder Sveinung Røyrhus, Arne Korsbrekke og Åshild Marie Syltevig Rusten.

Dei fire siste vart konfirmerte for 60 år sidan, dei andre for 50 år sidan. Etter gudstenesta var alle samla til hyggjeleg samvær med middag med kaffi og kaker på kyrkjelydshuset.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *