Lokalnytt

På sykkeltur gjennom Norangsdalen

Ein liten pause ved sætrestølen nær Stavbergsvatnet, frå venstre Benjamin Nagelgast, Anne Koop og Jostein Hole
Ein liten pause ved sætrestølen nær Stavbergsvatnet, frå venstre Benjamin Nagelgast, Anne Koop og Jostein Hole

Nyleg hadde Berit og Jostein Hole på Hellesylt besøk av kjenningar frå Tyskland. Ein sykkeltur gjennom Norangsdalen vart ei stor oppleving for både vertskap og gjestar.

Anne Koop frå Tyskland var utvekslingsstudent hos Berit og Jostein Hole for 20 år sidan. Etter det har dei hatt årleg kontakt med kvarandre.

I august var Anne med mann og to born på besøk hos verttsfolket på Nedsthaugen på Langeland. Under opphaldet der fekk gjestane frå Tyskland oppleve fleire ting, mellom anna sykkeltur gjennom Norangsdalen.

Sola stråla frå nær skyfri himmel då alle, fire vaksne og dei to borna la ut på tur til Øye og tilbake på kvar sin sykkel og med vogner til borna. Syklane og vognene leigde dei hos Hellesylt El-sykkelutleige.

I paviljong ved hotellet på Øye var det pause med forfriskingar.
I paviljong ved hotellet på Øye var det pause med forfriskingar.

-Å sykle på el-sykkel var flott. Det gjorde den rundt fem mil lange turen mykje lettare enn om vi hadde brukt vanlege syklar. At det er ein del bakkar til Øye og tilbake til Hellesylt merka vi knappast, fortel Berit. Det var berre å trø rundt så rulla det nesten av seg sjølv.

Ved hotellet på Øye rasta dei og kjøpte seg is, kaffi og eplekake med vaniljekrem før heimveg. Heile turen vart ei oppleving for både oss og gjestane våre som fristar til gjenntaking, seier Berit og Jostein Hole.

I fint ver og med fjellet Slogen som bakteppe vart sykkelturen i Norangsdalen ei flott oppleving for frå venstre Benjamin Nagelgast, Anne Koop og Berit Hole.
I fint ver og med fjellet Slogen som bakteppe vart sykkelturen i Norangsdalen ei flott oppleving for frå venstre Benjamin Nagelgast, Anne Koop og Berit Hole.

Alle foto: Privat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *