Lokalnytt

Det skjer på Hellesylt

Komande laurdag er det open dag ved Hellesylt Brannstasjon frå kl. 11.00 til ca. kl. 15.00
Komande laurdag er det open dag ved Hellesylt brannstasjon frå kl. 11.00 til ca. kl. 15.00 (Arkivfoto frå 2014)

Det blir open Brannstasjon, kino, cruiseskip, fotball, potetball og mykje meir på Hellesylt før september er omme. Her er noko av det som skjer.

Servering av potetball på Peer Gynt galleriet har vore populært på torsdagar denne sommaren. No går det mot slutten for i år, men framleis er det to «balldagar» igjen i september. Også komande søndag er kunstgalleriet ope med servering, får vi opplyst.

Torsdag 22. september kjem domorganist Kåre Nordstoga for å halde konsert i Sunnylven kyrkje. Ei kveldsstund med musikk framført av ein meister, og der publikum får høyre kva orgelet i Sunnylven kyrkje er god for. Sjå omtale av konserten annan stad på hellesylt.info.

Brannvernveke

På laurdag 24. september er Hellesylt brannstasjon open for innsteg av både unge og eldre. Veke 38 er årets brannvernveke med fokus på brann og brannvern. I det høve inviterer brannmannskap til omvising og demonstrasjon av utstyret på Hellesylt brannstasjon. Det blir full fyr og bruk av både skum og vatn for å kvele flammar, fortel brannmeister Inge Teigen.

Kino, cruisebåt og trim

Tysdag 27. september er det Bygdekino på Sunnylven samfunnshus med «Gråtass» og den nye norske filmen «Kongens nei».

Onsdag i veke 39 kjem årets siste cruiseskip til Hellesylt. Marco Polo er ikkje av dei største med sine 176 meter og sine 800 passasjerar om bord. Det er cruiseskip nummer 100 som legg til ved Hellesylt kai i år.

Same dag inviterer Sunnylven sanitetslag til trimtur i nærområdet, frå sentrum til Shell-kaia og tilbake til skulen. Det blir det servering av frukt og andre forfriskningar.

Og fotballen rullar framleis på Hellesylt stadion.

Måndag 26. september møter Sunnylven sitt G14 lag Langevåg2. Tabellen toppar Langevåg2 med 15 poeng, Sunnylven har 7 og ein kamp mindre.

Onsdag blir årets siste damekamp på Hellesylt stadion spela. Stranda/Sunnylven møter tøff motstand i Fortuna/Aksla, men møt opp og gje det lokale samarbeidslaget di støtte.

Torsdag 29. september skal gode G11 i aksjon mot MSIL Grøn. Desse kampane brukar å bli målrike.

Og same dag blir årets aller siste potetball servert på Peer Gynt galleriet, før Sunnylven sanitetslag inviterer til strikkekveld.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Det skjer på Hellesylt

  • Wow, marvelous weblog layout! How long have you been running a blog for?
    you made blogging look easy. The whole look of your site is magnificent,
    let alone the content material! You can see similar
    here sklep internetowy

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *