Lokalnytt

Eventyrleg start på hjortejakta

Ein 11-taggar på 145 kilo, skoten i Furnesdalen i september i fjor vart ei tung bør å få heim for hjortejegerande. (Privatfoto frå arkivet)
Ein 11-taggar på 145 kilo, skoten i Furnesdalen i september i fjor vart ei tung bør å få heim for hjortejegerande. (Privatfoto frå arkivet)

Dei fyrste dagane av hjortejakta i Stranda kommune var god, då vart det felt 176 dyr, eller dobbelt så mange som i same tidsrom i fjor.

Frå statestikken vi har fått frå sekretær i viltnemnda, skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth kan vi lese om svært god jakt i nær sagt heile kommunen dei fyrste dagane. Spesielt i høgareliggande hjortevald har jegerane hatt travle dagar.

Heile kommunen er inndelt i 15 hjortevald. Av 122 løyver i Langedalen hjortevald har det blitt felt 72 dyr eller 59 prosent av tildelt kvote. Også i andre vald har det vore god jakta, som i Øvre Sunnylvsbygda hjortevald der dei har skote 24 dyr av kvote på 91, Stranda sør hjortevald 22 dyr, og Bygda hjortevald 11 dyr av kvote på 50. I Fausdalen har dei skote 11 dyr, eller 35 prosent av kvota.

Hjortejakta starta 1. september. Til og med 12. september var det skote 23 kalv hann, 13 kalv ho, 42. 1½ års hann, 31. 1½ års ho, 29 eldre hann, 38 eldre ho. 21 av desse var såkalla skrapedyr. Totalt var resultatet av hjortejakta fram til 12 september 176 dyr eller 27 prosent av tildelte kvoter i 2016 på 657 dyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *