Lokalnytt

Fekk god potetball

Odd Jostein Bjørdal orienterte om haustaktivitetar i pensjonistlaget, både fest, arbeids -og bakedag, konserttilbod og julebord.
Odd Jostein Bjørdal orienterte om haustaktivitetar i pensjonistlaget, både fest, arbeids -og bakedag, konserttilbod og julebord.

Det stod potetball på menyen då medlemer i Sunnylven pensjonistlag samla seg på Peer Gynt galleriet til velsmakande måltid og mykje drøs.

På torsdag møtte 38 medlemer i Sunnylven pensjonistlag på Peer Gynt galleriet til servering av potetball. Og alle let vel over eit velsmakande måltidet som bestod av ein stor potetball, pølse, kålrot, salt kjøtt, ekstra potet og bacon i feitt.

Det var andre gong i år at pensjonistlaget inviterte medlemane til felles samling med potetball på menyen. Og det blir fleire medlemstreff ut over hausten, kunne festleiar og styremedlem i pensjonistlaget, Odd Jostein Bjørdal fortelje. Han orienterte om fleire tilstellingar og den fyrste er på eldredagen 1. oktober, også då på Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Då blir det underhaldning med song, og det blir kåseri av leiar i styret for Storfjordens Venner, Kjell Løseth, fortalde Bjørdal. Og med sauer og lam vel heime frå fjellbeite og grønnsaker og poteter i hus har arrangøren bestemt at menyen denne dagen blir fårikål. Det er vel berre å krysse av på kalendaren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *