Lokalnytt

Fleire hundre på opning av Flofjellvegen

 

Fykes-varaordførar Gunn Berit Gjerde (v) kuttar silkebandet og erklærer "nye" Flofjellvegen for opna.
Fykes-varaordførar Gunn Berit Gjerde (v) kuttar silkebandet og erklærer «nye» Flofjellvegen for opna.

Søndag var det opningsfest for den nyrestaurerte Flofjellvegen. På  parkeringsplassen ved Vollset var fleire hundre samla for å oververe opninga med snorklipping, musikkinnslag og helsingar frå fleire personar.

Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal såg ut over ein parkeringsplass som var heilt full av bilar og folk søndag. -Parkeringsplassen treng utviding, skjemta næringssjefen.

Bjørdal har vore pådrivar for restaurering og utbygging av ein av dei mest brukte turvegane i kommunen. Søndag orienterte han om saksgangen og Stranda kommune sin del av prosjektet. Vegen mellom Vollset og Flo i Stryn er på 9.0 km. og godt egna for alle brukarar, sa han.

Det starta i 2013 med søknad om støtte og gjennom Statleg sikring av fritidsområde vart det innvilga 420.000.- kroner til arbeida. Pengane har blitt brukte til opparbeiding av parkeringsplass ved Vollset til ca. 30 bilar, grusing og nye stikkrenner etter vegen, to nye grindar , og eit toalett ved parkeringsplassen der straumkjelda er batteri og solcelle. Det er inngått leigeavtale på 40 år med dei fire grunneigarane på Vollset. All motorferdsel etter vegen er forbode, unnateke grunneigarane som kan nytte vegen på same måte som tidlegare.

Prosjektet hadde gått gjennom mange formalitetar, byggeløyve, frådeling og til og med vurdering av rasfåren der toalettbygget står. Konklusjonen var at her kan vi sete trygt på do, sa næringssjefen til munterheit hos dei frammøtte.

Skar over snora med kniv.

Fylkes- varaordførar Gunn Berit Gjerde hadde teke turen til vegopninga etter invitasjon og fekk æra av å bruke kniven til å kutte silkebandet i nasjonalfargar som offisiell opning.

Folk lever ikkje berre av brød åleine, var sagt i ein annan samanheng, men orda kan brukast også i dag. Når alt er negativt og problem strøymer på tek eg meg ein fjelltur, det lettar på trykket, då får vi tilført det vi treng. Og når vi stressar meir og meir har vi enno større behov for å kome oss ut i naturen, sa Gunn Berit Gjerde. Ho gratulerte med resultatet og gleda seg til å gå ein tur etter Flofjellvegen som ho hadde høyrt var full av naturens høgdepunkt.

-Eg er sikker på at vegen vil gje glede og trivsel til mange. Tre turar etter Flofjellvegen i veka er god medisin, råda fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde.

Under opninga var det musikkinnslag av unge felespelarar frå Stranda kulturskule, leia av lærar Synnøve Hjellbakk Hole.
Under opninga var det musikkinnslag av unge felespelarar frå Stranda kulturskule, leia av lærar Synnøve Hjellbakk Hole.

Musikk og mange helsingar

Under opninga av «nye» Flofjellvegen vart det avduka i opplysningstavle på parkeringsplassen, det var musikkinnslag av elevar frå Stranda kulturskule, servering av heimebakst, kaffi og pølse spandert av Ole Ringdal AS, og det var helsingar og gratulasjonar frå mange. Mellom dei som greip mikrofonen var rådmann i Stranda kommune, Åse Elin Hole og ordførar i Stryn, Sven Flo.

Oddvar Tynes helsa frå grunneigarane. Han var tydeleg på at noko form for vedlikehald ville dei ikkje ta på seg.
Oddvar Tynes helsa frå grunneigarane. Han var tydeleg på at noko form for vedlikehald ville dei ikkje ta på seg.

Oddvar Tynes, grunneigarane på Vollset helsa også frå dei andre, Egil Røyrhus, Jørgen Wollsæter og Kåre Per Olav Vollset. Tiltaket var positivt, men vedlikehald på vegen og reinhald i toalettbygget var viktig. Det måtte vere ei kommunal oppgåve og ikkje noko grunneigarane ville ha ansvar for.

Dei var positive til utbetringane, sa han, men håpa at enno større trafikk etter vegen av cruiseturistar ikkje ville føre med seg plager for grunneigarane og gardsdrifta. –Hadde vi fått 50 øre av kvar turist som går over Flofjellet hadde det vore nok pengar til vedlikehald, meinte Oddvar Tynes.

Også resten av Flofjellvegen

Flofjellvegen går mellom Vollset i Stranda kommune og Flo i Stryn kommune. Om lag halve lengda ligg i kvar av kommunane.

Ordførar i Stryn, Sven Flo var til stades under opningsfesten på Vollset. På Stryne-sida var dei ikkje komne i gong med noko utbetring enno, det hadde stranda i samtalar med grunneigarane.

I ein kort prat med nettstaden hellesylt.info tykte ordførar Flo det var leitt. Men Stryne-ordføraren med slektsrøter frå Flo hadde ikkje tenkt å gje opp. Det var ein viktig turveg til glede for mange, ikkje minst for cruisenæringa, så han ville jobbe for å få i gong positive samtalar med grunneigarane igjen. –Når vi har avtale på plass vil arbeide med reparasjon av vegen og bygging av andre fasilitetar kome i gong, sa Sven Flo.

Ei informasjonstavle om Flofjellvegen er sett opp ved parkeringsplassen på Vollset. Gaute Gneis (Merete Løvoll Rønneberg) kom frå fjellet og foretok opninga.
Ei informasjonstavle om Flofjellvegen er sett opp ved parkeringsplassen på Vollset. Gaute Gneis (Merete Løvoll Rønneberg) kom frå fjellet og foretok avdukinga.
Svært mange møtte fram for å vere med på oningsfesten for Flofjellvegen.
Svært mange møtte fram for å vere med på oningsfesten for Flofjellvegen.
Sentrale og nøgde personar under opningsfesten. Frå venstre ordførar i Stryn Sven Flo, rådmann i Stranda Åse Elin Hole og næringssjef Inge Bjørdal.
Sentrale og nøgde personar under opningsfesten. Frå venstre ordførar i Stryn, Sven Flo, rådmann i Stranda. Åse Elin Hole, og næringssjef Inge Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Fleire hundre på opning av Flofjellvegen

  • Wow, marvelous weblog layout! How long have you been blogging for?
    you make running a blog look easy. The entire look of your website is fantastic,
    let alone the content material! You can see similar here sklep online

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *