For 35 år sidan

FOTBALLEN LAGT PÅ HYLLA FOR l ÅR

Her presenterar vi gutelaget som i siste kampen sin i haust slo Hessa med 3-1, og sikra seg første sigeren sin i haust. Bak frå v.: Svein Frode Tryggestad, Olav Elling Gausdal, Jostein Inge Ringdal, Svenn Ole Dybvik, Sverre Sæter og Knut Arne Leite. Framme frå v.: Asle Ringdal, Sindre Hole, Jan Otto Åsen, Ivar Fivelstad, Hans Petter Tryggestad og Kent Roger Tryggestad.
Her presenterar vi gutelaget som i siste kampen sin i haust slo Hessa med 3-1, og sikra seg første sigeren sin i haust. Bak frå v.: Svein Frode Tryggestad, Olav Elling Gausdal, Jostein Inge Ringdal, Svenn Ole Dybvik, Sverre Sæter og Knut Arne Leite. Framme frå v.: Asle Ringdal, Sindre Hole, Jan Otto Åsen, Ivar Fivelstad, Hans Petter Tryggestad og Kent Roger Tryggestad.

Ein lang og hektisk fotballsesong er til endes, og alle laga til Sunnylven IL har avvikla seriekampane sine. I tillegg har dei og delteke i ulike turneringar. Fotballgruppa har hatt ei travel tid i sommar. Om lag 100 kampar har dei stått for, av desse har ca 40 gått på Leikvoll. Resultata laga har oppnådd har nok vore noko varierande, størst grunn til å vere nøgde har nok kanskje damelaget, som spela sin første seriesesong i år.

Damelaget enda på ein fin 4. plass i serien, og stod for den store fotballsensasjonen denne sommaren, då dei sigra over AaFK med 1-0 på bortebane. Også smågutelaget fekk ein 4. plass på tabellen. 11 poeng er ny rekord for laget, som har vist noko varierande takter denne sesongen. Laget som Sunnylven stilte i den såkalla Fj – cupen viste fin kampånd, og spela berre betre og betre utover i turneringa.

A- laget har nok resultatmessig og nådd målet sitt i år. Men som trenaren, Steinar Ringdal, peikar på, har ikkje spelet alltid vore av fjorårs- klasse. Men her må ein og då ta i betraktning at  motstandarane i år har vore av betre klasse.

Gutelaget hadde ein brukbar vårsesong, men i haust har det blitt med berre to poeng i den nye serien. For Ole Ringdal sitt bedriftslag ligg det ikkje føre sluttabell enno, men her har det veksla mellom sigrar og tap.

Men fasiten frå publikum si sidetrur vi i alle fall er at dei har hatt mang ei hyggeleg og spanande stund på «Leikvoll» også i å

6 divisjon: DET VART 5. PLASS TIL SLUTT

 

Bak frå venstre: Stig Hoel, Hans Hole, Olav Lillebø, Rune Fannemel, Steinar H. Ringdal, Ole Johan Lillestøl, Arild Ringdal. Framme frå venstre: Oddvar Tynes, Jan Ove Tryggestad, Ove Kvistad, Knut Sundgot, Amund Hole og Leif Egil Åsen.
Bak frå venstre: Stig Hoel, Hans Hole, Olav Lillebø, Rune Fannemel, Steinar H. Ringdal, Ole Johan Lillestøl, Arild Ringdal. Framme frå venstre: Oddvar Tynes, Jan Ove Tryggestad, Ove Kvistad, Knut Sundgot, Amund Hole og Leif Egil Åsen.

Så er det slutt på seriefotballen for i år. l førre nummer fortalde vi om plasseringane til damelaget og smågutelaget. Gutelaget spela sin siste kamp mot Hessa og fekk første haustsigeren med 3-1.

For A- laget vart siste seriekampen – mot Hundeidvik eit antiklimaks etter den flotte haustsesongen. Det vart tap 2-1 på heimebane, og dermed ein 5. plass i 6. divisjonen si  B- avdeling.

Sunnylven – Hundeidvik 1-2

Sunnylven opna lovande, og var nær scoring etter hjørnespark. Rune Fannemel hadde og to gode skot som keeper avverga. Men etter kvart vart det tydeleg at det var Hundeidvik som hadde mest å kjempe for. Dei kom ofte litt lett gjennom i midtforsvaret og fleire gonger vart Ove Kvistad sett på harde prøver. To gonger denne omgangen gjekk og ballen i mål bak han, men begge måla vart underkjende. Dermed stod det 0 – 0 ved pause, eit resultat som Sunnylven nok var godt nøgd med Også i andre omgang opna Hundeidvik best, og på ei kontring fekk Arnfinn Utgård fri bane mot mål og sette ballen hardt under Kvistad og i mål. I denne omgangen kom imidlertid Sunnylven etter kvart betre med. Men Steinar Ringdal, som ballfordelar, vart svært tett markert, og heimelaget fekk aldri pasningsspele til å gli. Midtvegs i omgangen, skaut Rune Fannemel og Ole J Lillestøl kvart sitt harde skot mot mål, og på siste returen meinte dommaren at ein Hundeidvik- spelar var nær ballen med handa. Straffesparket sette Ole J Lillestøl kontant i mål.

Sunnylven pressa no hardt, men i staden gjekk Hundeidvik opp til 2-1. Trond Helset sette eit hjørnespark kontant i mål. I sluttminutta hadde Sunnylven ein ball inne, men også dette målet vart annullert. Dermed ein fortent siger til Hundeidvik, som kjempa innbitt for to viktige poeng. Sunnylven spela ein heller svak kamp ,etter å ha avgitt berre eit poeng på dei fem føregåande kampane.

Dommar Kjellstadli frå Spjelkavik hadde mange rare avgjerder i andre omgang – utan at desse fekk innverknad på sluttresultatet.

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, nr. 10 oktober 1981.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *