Lokalnytt

Nytt skodespel frå HUL-teatret

HUL-teatret har alltid vore ein magnet på publikum. At eit nytt romjulsspel er på gong blir nok godt motteke. (Foto: HUL-gjengen frå 2013)
HUL-teatret har alltid vore ein magnet på publikum. At eit nytt romjulsspel er på gong blir nok godt motteke. (Foto: HUL-teatret frå 2013)

Onsdag 4. juledag blir det ny komedie med HUL-teatret om dei siste på rollelista kjem på plass. Flyktningproblem og litt kjærleik er innhaldet denne gongen.

Etter ein pause i fjor er HUL-teatret tilbake på scena i Sunnylven samfunnshus. Onsdag 28. desember blir nok storsalen fullsett med både lokalt og tilreisande publikum.

Randi Sæter er leiar i teatergruppa i HUL. Ho stadfestar at arbeidet med å få sett opp eit nytt skodespel er på gong. – Vi har fått ja frå tre fantastiske damer til dei tre damerollene, nemleg Linn Kammen , Hanne Kvamme og Marianne Fivelstad. Det er litt verre å få ja i rollene med mannfolk der det dreiar seg om fire eller fem personar, der er det foreløpig blitt med tja, kanskje, eller får sjå. Men vi har tru på at det skal gå i orden, at det blir skodespel med premiere 4. juledag. Sjølv om det tek litt tid å øve inn eit skodespel, så er det vert det, for vi har det fole kjekt i lag, seier Randi Sæter.

Flyktningproblematikk

Då vi huka Randi på telefon kunne ho fortelje at stykket dei har plukka ut er oversett frå svensk. I år handlar det ikkje berre om romantikk, kjærleik og forviklingar sjølv om også det er med, men rundt flyktningproblematikk, noko som kan passe då også Stranda kommunen skal ta mot flyktningar, meinte Randi Sæter.

Utan å gå i detalj røpa teaterleiaren at publikum vil få møte både ein ordførar, ein flyktningkonsulent og ein kommunalminister i stykket. Det viser seg at ordføraren huser flyktningar utan at han sjølv er klar over det.

Randi Sæter håper at rollelista er fylt opp i løpet av september, og då startar øvingane i oktober. Og då vil nok den rutinerte gjengen i HUL-teatret vil vere klar i god tid før sceneteppet går frå i Sunnylven samfunnshus 4. juledag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *