Notiser

Saniteten si veke

sanitet-a

Veke 39 er Saniteten si veke. Den blir markert over heile landet, også av Sunnylven sanitetslag.

I ei brosjyre som Sunnylven sanitetslag har delt ut til alle husstandar i bygda fortel laget med 54 medlemer om kva dei jobbar med og om saker framover. I «veka» blir det skipa til trimtur, strikkekveld, laget inviterer til kaffistund på omsorgssenteret og deler ut ei gåve til fyrsteklassingar ved Sunnylven skule. Les meir om aktivitetar og styresamansetjing i brosjyra.

-Vi synest det hadde vore kjekt om du kom på arrangementa våre denne veka-, står å lese.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *