Siste dag ved stemplingsuret

I lunsj-pausen fekk Amund Lien overrekt blomar og takk frå adm. direktør Kristen Ringdal.

I lunsj-pausen fekk Amund Lien overrekt blomar og takk frå adm. direktør Kristen Ringdal.

Etter 48 år går Amund Lien frå å vere tilsett ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt til å bli pensjonist.

Torsdag 29 september hadde Amund Lien sin siste arbeidsdag ved Ole Ringdal AS, på dagen 48 år etter at han gjekk inn døra fyrste gong. Det var i dei gamle lokala ved Hellesyltfossen i 1968, fortel han.

Amund Lien har tidlegare motteke utmerkingar med diplom og gullur for 30 år i bedrifta, og onsdag vart han heidra med både kake, blomar og gode ord. Og meir stas vil bedrifta gjere på pensjonisten litt seinare, lova dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Amund er ein av dei som har vore tilsett lengst ved Ole Ringdal AS. Kva som gjorde at han starta yrkeskarriæra her veit han ikkje, men kanskje var smaken av Ringdal si fårepølse medverkande, og som han kjøpte på butikken i Hornindal som ung gut.

Amund Lien har jobba over alt i bedrifta på Hellesylt, som sjåfør, som naudslaktar ute hos bøndene, i slakteriet, som klassefisør, kjøttskjerar og elles over alt i produksjonen. Det er ein av dei dyktige mellom mannskapet som no går frå borde, slår Ole A. Ringdal fast.

Heretter kan han gløyme stemplingsuret og fylle dagane med det han sjølv har lyst til. -No blir det tid til å jakte både på hjort og småvilt, og så skal vi brygge godt heimebrygga øl til jul, røpar den ferske pensjonisten.

Siste dag på jobb ved Ole Ringdal AS vart markert, også med kake.

Siste dag på jobb ved Ole Ringdal AS vart markert, også med kake.

amund-2

Amund Lien og Ole Arnstein Ringdal i slakteriet. Litt vemodig at ein dyktig tilsett sluttar, tykte Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380