Lokalnytt

Trimmar om «Karl» skulle byste seg

trim

Det kan bli våtsamt onsdag når Sunnylven sanitetslag og trim/friidrett i Sunnylven IL inviterer på trimtur frå Hellesylt sentrum til Shell og tilbake. Trimmen går som planlagt uansett om «Karl» skulle dukke opp eller ikkje.

Tema for Saniteten si veke i år er «Skjønnhetstyraniet». Laget har ikkje fått på plass arrangement som går på dette temaet, men arbeider med saka. Andre faste tilskipingar i veke 39 som er Saniteten si veke på landsplan har Sunnylven sanitetslag på plass og blir gjennomført, får vi opplyst frå leinga i laget. Trimturen til Shell har blitt årviss og går uansett ver, blir oss fortalt. Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klær, heiter det, og klær kan ein gjere noko med. Trimturen startar frå Hellesylt sentrum kl. 16.30, og tilbake ved Sunnylven skule byd arrangøren på frukt og andre forfriskingar.

Av andre arrangement i Saniteten si veke 2016 tek vi med at torsdag er det strikkekveld på laget sitt møterom på Kyrkjelydshuset, og fredag 26. september blir det kaffistund for pensjonistane ved Sunnylven omsorgssenter. Og i løpet av veka får alle 1. klassingar ved Sunnylven skule kvar sitt handkle med namn og saniteten sitt merke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *