LokalnyttLokalsport

Uavgjort mot topplaget for J16

cup-a1

Ein ny, stor kamp av jentelaget mot ferieleiren fredag. Det vart poengdeling. (Foto frå Norway cup)

Eit stangskot heilt på slutten kunne ha sikra alle poenga for Sunnylven sitt J16-lag på bortebane mot Mauseidvåg / Solevåg fredag kveld, men Olene sin susar gjekk ut.

Sunnylven sitt jentelag leverte ein kjempekamp med uavgjort 2 – 2 mot serieleiaren i J16, Mauseidvåg / Solevåg. Eit feil idømt frispark eitt minutt før pause førte til at heimelaget Mauseidvåg / Solevåg leia 1-0 ved halvtid.

I andre omgang utlikna Sunnylven to gonger ved Olene Lade, og like før slutt på stillinga 2 – 2 skaut same jente i stonga og ut. Så nær var laget til å ta med alle tre poenga heim etter ein svært god kamp, fortel vår mann Knut Dag Langeland.

MSIL leiar haustserien J16 , 2. div. saman med Ørsta som begge har 7. poeng. Sunnylven på 3. plass har 5. poeng. Neste kamp for jentelaget er heime mot Ørskog torsdag 15. september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *