LokalnyttLokalsport

Vil bygge ut fleirbruksanlegget

Ny emit -og speakerbud er på plass i Hyttehola, solid forankra høgt over stadion.
Ny emit -og speakerbud er på plass i Hyttehola, solid forankra høgt over stadion. Litt kosmetisk arbeid står att.

Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag vil bygge ut fleirbruksanlegget i Hyttehola. Laga har planane klare for speakerbud, garasje for trakkemaskin og klubbhus.

Årsmøta i Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har begge vedteke ei vidare utbygging av fleirbruksanlegget i Hyttehola. Planar for ny speakerbud, garasje for trakkemaskin og eit kombinert klubbhus og standplassbygg er utarbeidde og er/ blir innsendt for godkjenning.

Hyttehola fleirbruksanlegg har blitt utbygt i fleire etapper. I 1988 fekk Sunnylven skyttarlag si skytebane der, i 2002 kom idrettslaget med ei 3.3 km. lang lysløype, og i 2009 vart skiskyttarstadion med 15 blinkar teke i bruk. No er det fleire bygningar som står for tur, mellom anna klubbhus med kjøkken, møterom og sanitæranlegg.

I desse dagar har ei ny emit –og speakerbud kome på plass. Styremedlem i idrettslaget, Geir Frøysa opplyser at huset er på 14 kvadratmeter og bygt av elevar ved bygg og anlegg, grunnkurs ved Stryn vidaregåande skule. Bygget er på plass på støypt grunnmur så no står berre litt listverk og anna kosmetisk arbeid igjen.

Vidare opplyser han at det er sendt inn planar til godkjenning av eit garasjebygg til laget si trakkemaskin. Sunnylven IL fekk si fyrste trakkemaskin då den nye lysløype i Hyttehola vart teke i bruk vinteren 2002 /2003. I alle år har maskina stått ute sommar som vinter, noko som ikkje har vore bra. No blir dette ei endring på om det går som leiinga håper. Med ei rask avklaring frå kommunen håper ein å få reist garasjen før vinteren, seier Frøysa.

Han opplyser at det også vil bli sendt inn byggemelding på klubbhuset / standplassbygget med det aller fyrste, men bygging av dette vil ein nok ikkje kome i gong med før til våren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *