Lokalnytt

God meny på pensjonistfest

Om lag 60 medlemer i Sunnylven pensjonistlag var med på å feire eldredagen på Peer Gynt galleriet laurdag.
Om lag 60 medlemer i Sunnylven pensjonistlag var med på å feire eldredagen på Peer Gynt galleriet laurdag.

På menyen stod fårikål då Sunnylven pensjonistlag inviterte til markering av eldredagen 1. oktober.

Rundt 60 medlemer var samla på Hægstad Gård då leiar Astrid Langeland ønska vel møtt til markering av eldredagen sist laurdag. Ho hadde både song, kåseri, tombola og ikkje minst fårikål å by på. Den tradisjonsrike norske matretten fall i smak hos alle dei frammøtte etter det vi såg og seinare fekk høyre.

Grunna klubbens dag på Hellesylt stadion vart det rokkeringar i songinnslaga under festen. Kristin Storstein stilte på kort varsel både med tangentinstrumen og si vakre songrøyst og gleda alle. Det vart med tre songar som vi har høyrt Hanne Krogh, Erik Bye og Rita Eriksen også framføre.

Sykkylvingen Kjell Løset var hyra inn som kåsør på eldrefesten. Og det vart ei morostund for forsamlinga, for styreleiaren i Storfjordens Venner hadde mange gode historier på lager. Ho-hoi var ordet han tok utgangspunkt i, eit velbrukt norsk ord når skryt og vellyd skulle utdelast.

-Levde du i Noas ark, fekk han spørsmål av barnebarnet sitt ein gong, Nei, det gjorde eg då ikkje. -Jamen, korleis unngjekk du å drukne då, var oppfølgingsspørsmålet. Og så historia om svensken han vart kjent med på ferie i Sverige og som også heitte Kjell. Dei var begge interessert i skøytesport og begge mimra tilbake i tida om Kuppern, Hjallis, Fred A. Maier, Johnny Høglin, Sigge Erikson og fleire. -Men det er ein svensk løpar vi nordmenn ikkje likar, som kom og tok frå oss medaljer på 10.000 meter nesten kvar gong i OL, han heitte Kjell Backman, sa Løset. –Det er jag det, sa svensken.

Slik fekk kåsøren latterdøra stadig på vidgav under eldrefesten på Peer Gynt galleriet der han også spela både på bukkehorn og på ei kaffikanne som introduksjonen til kaffiserveringa. Astrid Langeland overrekte spekemat i gåve og takk for eit triveleg innslag.

Markeringa av Eldredagen 2016 vart avslutta med åresal og trekking av gevinstar, før Anna Jorunn Ljøen på vegne av dei frammøtte takka så mykje for ein triveleg dag.

Neste samling for medlemer i Sunnylven pensjonistlag blir på Sunnylven kyrkjelydshus i november med mellom anna baking av kromkaker, både til kaffien den dagen og til julebordsamlinga seinare.

Kristin Storstein stilte på og gleda med vakker song og musikk.
Kristin Storstein stilte på og gleda med vakker song og musikk.
Kjell Løset kåserte i muntre ordelag
Kjell Løset kåserte, eit innslag med mykje munterheit.
Tonje Liset t.h. serverte god fårikål, her saman med leiar Astrid Langeland.
Tonje Liset t.h. serverte god fårikål, her saman med leiar Astrid Langeland.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *