LokalnyttLokalsport

Jenter 16 vann mot MSIL

Eit jublande heimelag etter sigeren 3-1 over MSIL på Hellesylt stadion fredag kveld. (Foto: Knut Dag Langeland)
Eit jublande heimelag etter sigeren 3-1 over MSIL på Hellesylt stadion fredag kveld. (Foto: Knut Dag Langeland)

Fredag kveld spela J16 siste heimekamp for sesongen. Det vart siger 3-1 over Mauseidvåg / Solevåg.

Jenter 16, laget som storspela og vann seg bronsepokal i B-sluttspelet i Norway cup, viste framleis driv i siste heimekamp på Hellesylt stadion fredag kveld. Motstandar var Mauseidvåg / Solevåg som låg på plassen før Sunnylven , men då domaren bles for full tid hadde laga bytta plass. Det stod 0-1 ved pause, men Sunnylven snudde kampen og  vann 3-1 etter to skåringar av Olene og Madelen på straffespark.

-Sunnylven J16 hadde fleire gode sjansar også i fyrste omgang, men då var det stang ut. Alle 11 jentene viste god innsats og difor klarte vi å vinne kampen. Det var også målsetjinga, seier trenar Knut Dag Langeland.

Siste kamp denne sesongen er mot Ørskog borte torsdag 27. oktober. Tabellen før siste runde. Ørsta 16 p, Ørskog 15 p. Sunnylven 11 p. MSIL 10 p, Tjørvåg/Gursken 0 p.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *