Lokalnytt

Klipper ullkledde på sekundar

I "frisørsalongen" ved Ole Ringdal AS jobbar Dan Waterman (nærmast), Ross Thomson, Elisabeth Thomson og Georgina Bevin.
I «frisørsalongen» ved Ole Ringdal AS jobbar Dan Waterman (nærmast), Ross Thomson, Elisabeth Thomson og Georgina Bevin.

Når nær eit halvt tusen sau og lam skal slaktast kvar dag må klippinga gå raskt unna.

Ved Ole Ringdal AS blir firbeinte, ullkledde dyr frakta inn i stort antall kvar dag. I løpet av ei veke slaktar bedrifta rundt 2000 sau og lam, og som skal klippast for ull før siste reis i slakteriet. Den jobben har Daniel Waterman og Ross Thomson utført i haust, og med noko hjelp frå Samuel Bevin.

Dan Waterman er ved Ole Ringdal AS som saueklippar for 22 sesong i år. Kor mange tusen ullkledde han har klipt i løpet av desse åra veit han sjølvsagt ikkje, men det kan bli opp i 250 per dag i høgsesongen, trur han.

Vi køyrde forbi anlegget på Hellesylt og då døra inn til «frisørsalongen» stod opa kika vi inn. Verken Dan, Ross eller dei to jentene, Elisabeth Thomsen og Georgina Bevin som tok unna og sorterte ulla hadde tid til å snakke med oss. Det hasta med å få klipt eit nytt billass sauer og lam, for i slakteriet venta karar med nyslipa knivar. Klippinga gjekk unna, kanskje berre minuttet på kvart dyr.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *