Lokalnytt

Skulekorpset inviterer til konsert

Frå haustkonserten i fjor.
Frå haustkonserten i fjor.

Fredag kveld inviterer Sunnylven skulekorps til sin årlege haustkonsert. Også aspirantane deltek under konserten på Sunnylven samfunnshus.

Det har blitt tradisjon at skulekorpset inviterer til haustkonsert. På samfunnshuset får dei frammøtte høyre eit utval melodiar som korpset har øvd på i haust. Også seks aspirantar blir å høyre i eiga avdeling, fortel styreleiar Anita Langeland. Rekrutteringa til korpset har vore bra og er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt med skulen i vår som vart kalla «Korps i skulen». Det er gratis inngang på konserten.

Anita Langeland fortel at i november og desember blir det mykje øving på julesongar. Speleoppdraga er både store og varierte for korpset, opplyser ho.

Fyrste søndag i advent brukar Sunnylven skulekorps å spele under tenning av julegrana på Hellesylt, 17. desember er alle musikantane oppstasa for å spele under opning av den nye tunnelen på Ljøen, og dagen etter er det julekonsert i Sunnylven kyrkje. Også tradisjonen med nissespeling i sentrum før jul er det nok mange som håper å få oppleve også i år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *