Lokalnytt

Deltok på Sjokoladekappleik i Valldal

Utøvarane fekk velfortjent sjokolade etter innsatsen.
Utøvarane fekk velfortjent sjokolade etter innsatsen.

Det vanka mange godord frå dommarpanelet etter at utøvarane frå Hellesylt ungdomslag hadde vore i aksjon på Sjokoladekappleik i Valldal.

Sjokoladekappleik er eit uformelt kappleiksarrangement for born og unge som driv med tradisjonsmusikk og -dans. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Utøvarane vert ikkje rangert og til slutt vankar det sjokolade til alle som har opptrådd. Valldal Spelemannslag var arrangør søndag.

Dette var fyrste gongen Valldal Spelemannslag hadde dette arrangementet fortalde programleiar Ingunn Linge Valldal, og ho synest det var veldig kjekt at dei kunne presentere så mange som 23 innslag frå scena på Martin Linge huset.

Dei yngste dansarane frå HUL starta med songdansen «Eg veit eit lita jente før dei gjekk over på  «Klappdans». Forsterka av dei eldre dansarane fortsette dei med «Tretur frå Hornindal».

-
Dei yngste dansarane med litt forsterkningar.

Dei eldste dansa deretter «Pariserpolka» og «Gamal reinlender».

Siste innslag frå dansarane frå HUL var parhalling med Isak og Sigrid Imilie.

Isak Elias og Sigrid Imilie.
Isak Elias og Sigrid Imilie.

Eit vellukka arrangement av Valldal Spelemannslag, og dei unge dansaren frå HUL kunne ta med seg berre positive tilbakemeldingar frå dommarane. Dei fekk mellom anna mykje skryt for gleda dei viste under dansinga. Dansarane frå HUL vart dyktig akkompagnert av  felespelaren Nina Byttingsmyr.

Etter at alle hadde vore i aksjon vart utøvarane samla på scena der dei fekk utdelt sjokolade til premie som seg hør og bør.

Bildetekst: Dommararpanelet  i tevlinga bestod av Haldis Folkedal, Britt Pernille Frøholm, Anne Sofie Linge Valldal og Jo Einar Sterten Jansen.
Dommararpanelet  i tevlinga bestod av Haldis Folkedal, Britt Pernille Frøholm, Anne Sofie Linge Valldal og Jo Einar Sterten Jansen.
-

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *